Roar Ljøkelsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roar Ljøkelsøy


Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 1976 (47 år)
Orkdal kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp

Utmerkingar

Olavstatuetten

Roar Ljøkelsøy (fødd 31. mai 1976) er ein norsk tidlegare skihoppar. Han vart verdsmeister i skiflyging 2004 og sikra seg to bronsemedaljar under Vinter-OL 2006. Ljøkelsøy vann elleve renn i verdscupen og enda på andreplass i verdscupen i skihopping både i 2004 og 2005. I tida frå 1999 til 2009 vart han noregsmeister tre gongar. Han var medlem av Orkdal IL og tilslutta treningsgruppa Trønderhopp.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ljøkelsøy debuterte i verdscupen på Lillehammer i mars 1993. Frå han var 17 år gammal høyrde han heime i den nasjonale eliten i skihopping. Han slo gjennom internasjonalt i 1995/96-sesongen, med ein andreplass i Planica som toppunkt. Også i 1997-sesongen tok han pallplasseringar i verdscupen. Derimot sleit han i tida frå 1998 til 2002 med å hevde seg mot dei aller beste skihopparane i verda.

Med finske Mika Kojonkoski som ny norsk landslagstrenar frå 2002, hoppa Ljøkelsøy seg inn i den absolutte verdstoppen i skihopping. I januar 2003 vann han sitt fyrste verdscuprenn i Sapporo i Japan. Sesongen etter sigra han i sju verdscuprenn og vart også verdsmeister i skiflyging. I verdscupen samanlagt vart han då andremann, fattige ti poeng bakom Janne Ahonen frå Finland.

Ljøkelsøy var endå sterkare i 2004/05-sesongen, men ein Ahonen i stabil toppform - finlendaren vann 13 av dei fyrste 15 verdscuprenna han deltok i - gjorde at Ljøkelsøy berre vann to verdscuprenn. Men også i 2005 vart han nummer to i verdscupen samanlagt. I alt sanka han då 1440 poeng, 134 fleire enn året før. I Vinter-OL 2006 tok Ljøkelsøy bronsemedalje i normalbakken og i laghoppinga, den siste saman med Lars Bystøl, Bjørn Einar Romøren og Tommy Ingebrigtsen.

Dei siste tre sesongane som aktiv heldt Ljøkesøy nasjonalt toppnivå, men lukkast ikkje å kome på sigerspallen internasjonalt. Han la opp etter han ikkje makta å kome med i OL-troppa til Vancouver vinteren 2010.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Nr 12 i Planica
  • 1994: Nr 6 både i Murau og Liberec
  • 1995: Nr 14 både i Lahti og Falun
  • 1995/96: Nr 2 i Planica
  • 1997: Nr 2 i Sapporo og nr 3 i Willingen
  • 1998: Nr 10 i Engelberg og i Vikersund (skiflyging)
  • 1999: Nr 10 i Harrachov
  • 2000: Nr 7 i Engelberg
  • 2000/01: Nr 6 i Kuopio
  • 2001/02: Nr 5 i Engelberg
  • 2002/03: Siger i Engelberg og nr 2 i Oslo
  • 2004: Fem sigrar (Sapporo (2), Oberstdorf (skiflyging), Lillehammer, Holmenkollen), to andreplassar og ein tredjeplass
  • 2005: To sigrar (Zakopane, Sapporo), fire andreplassar og to tredjeplassar
  • 2006: Ein siger (Sapporo), tre andreplassar og ein tredjeplass
  • 2007: Ein andreplass i Zakopane
  • 2008: Nr 10 i Val di Fiemme
  • 2009: Nr 5 i Willingen
  • 2009/10: Nr 8 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Ski-NM 1993: Nr 12 i normalbakken på Lillehammer
  • Ski-NM 1995: Nr 5 i normalbakken i Rælingen
  • Ski-NM 1996: Bronsemedalje i normalbakken i Stryn
  • Ski-NM 1997: Nr 4 i normalbakken i Mo i Rana
  • Ski-NM 1998: Nr 4 i storbakken i Meldal
  • Ski-NM 1999: Gullmedalje i storbakken på Rena, sølvmedalje i normalbakken på Raufoss
  • 2000: Bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 2001: Nr 7 i storbakken i Trondheim
  • 2003: Nr 5 i storbakken på Lillehammer
  • 2004: Gullmedalje i normalbakken på Bardufoss, bronsemedalje i storbakken i Oslo
  • 2005: Sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2007: Sølvmedalje i normalbakken i Molde
  • 2009: Gullmedalje i normalbakken på Raufoss, sølvmedalje i storbakken på Lillehammer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]