Tarja Halonen
Tarja Kaarina Halonen (fødd 24. desember 1943) er ein finsk politikar og jurist. Ho var presidenten i Finland frå 1. mars 2000 til 1 mars 2012.
Halonen vart fødd i arbeidardistriktet Berghäll (finsk Kallio) i Helsingfors. Ho tok jussutdanning ved Universitetet i Helsingfors (Helsingin yliopisto) og engasjerte seg samstundes i det nasjonale studentlaget. I 1970 vart ho tilsett som advokat for hovudorganisasjonen for finske fagforeiningar, SAK, og i 1971 gjekk ho inn i det sosialdemokratiske partiet. Ho var medlem i den finske Riksdagen frå 1979 til ho vart president. Halonen har også hatt tre ulike ministerpostar, helseminister (1987–1990), justisminister (1990–1991) og utanriksminister (1995–2000).
Halonen vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
|
|
|
|---|---|
| Kaarlo Juho Ståhlberg (1919–25) · Lauri Kristian Relander (1925–31) · Pehr Evind Svinhufvud (1931–37) · Kyösti Kallio (1937–40) · Risto Ryti (1940–44) · Carl Gustaf Mannerheim (1944–46) · Juho Kusti Paasikivi (1946–56) · Urho Kekkonen (1956–82) · Mauno Koivisto (1982–94) · Martti Ahtisaari (1994–2000) · Tarja Halonen (2000–12) · Sauli Niinistö (2012–) |