Tassili n'Ajjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tassili avmerkt på kart over Algerie.

Tassili n'Ajjer er eit platå i Saharaørkenen, søraust i Algerie. Området er kjend for førhistoriske holemåleri og helleristingar, og for fleire iaugefallande landskapsformer. Det er rekna som både kulturell og naturleg verdsarv, og verna som biosfærereservat og nasjonalpark. Parken ligg nær bergkunstområdet Tadrart Acacus i Libya, som også er eit verdsarvområde.

Satellittbilde av Tassili n'Ajjer.

Platået strekker seg rundt 500 km frå 26°20′N 5°00′E aust-søraustover til 24°00′N 10°00′E. Det høgaste punktet er Adrar Afao, 2158 moh. Den næraste byen er Djanet, om lag 10 km sørvest for fjella. Nasjonalparken dekker 23º05'N-26º50'N.

Steinformasjonar i Tassili n'Ajjer.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berget er hovudsakleg av sandstein som er blitt danna til iaugefallande landskapsformer gjennom erosjon. Det har høge klipper, «steinskogar» og rundt 300 naturlege steinbogar.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Tassili n'Ajjer har eit rikare planteliv enn den kringliggande ørkenen, ettersom det er høgare og sandsteinen kan lagra vatn. Her veks endemiske, truga artar som saharasypress (Cupressus dupreziana) og saharamyrte (Myrtus nivellei).

Menneske og kveg på eit holemåleri.

Førhistorisk kunst[endre | endre wikiteksten]

Naturtru bøffelbilde.

I Tassili n'Ajjer finn ein fleire bilete og byggverk frå førhistoriske tid. Området har vore folkesett samanhengande i rundt 8 000 år, fram til notida. Det er kjent for rundt 15 000 godt bevarte stykke bergkunst, både hellerissingar og holemåleri, dei fleste frå mellom 6000 og 2000 f.Kr. Dei ulike måleria viser kulturelle endringar i takt med forørkning i området. Ein finn mellom anna bilde av bøflar, elefantar, flodhestar, gasellar, nashorn, sjiraffar og struts, nokre av dei i naturleg storleik.

Kamelbilde og andre skjematiske figurar.

Tidlege bilete (8000-4000-talet f.Kr.) viser naturtru hellerissingar av dyr, som bøflar. Seinare måleri (5000 til ca. 1500-talet f.Kr.) viser kvegdrivande menneske kjenneteikna av runde hovud. Deretter viser dei mindre og meir stiliserte menneske som rir på hestar og jaktar på geiter. Frå rundt 700 f.Kr. ser ein skjematiske bilde av menneske og nolevande dyr, som kamelar, med innskrifter i tuarag-skrifta tiffinagh.

Tassili n'Ajjer har mellom anna vore studert av Henri Lhote (1903–1991), som oppdaga kunsta der i høve til vestleg vitskap i 1933.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tassili n'Ajjer