Kamel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kamel


Dromedar og baktrisk kamel.
Dromedar og baktrisk kamel.

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Camelidae
Slekt: Camelus
Artar
Vitskapleg namn
Camelus

Kamelar er jortedyr i slekta Camelus, særleg baktriakamel (Camelus bactrianus), som er kjenneteikna av to puklar, men også den einpukla dromedaren (Camelus dromedarius). Med i slekta reknar ein også dei utdøydde artane Camelus gigas, Camelus hesternus og Camelus sivalensis.

Dromedar i New South Wales i Australia.

Beskriving[endre | endre wikiteksten]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser det trulege utgangspunktet for kameldyra i Nord-Amerika, og korleis dei spreidde seg til Eurasia og Sør-Amerika.

Fossil tyder på at dei noverande artane av Camelus stammar frå Nord-Amerika der dei utvikla seg under paleogentida. Sidan spreidde dei seg til Asia. Menneskja tamde Camelus for mellom 3 500 og 3 000 år sidan.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Kameldyr i den gamle verda skil seg frå slektningane sine i den nye verda gjennom større storleik og gjennom puklane på ryggen, som dei har éin eller to av. Kroppslengda ligg mellom 225 og 345 centimeter, mankehøgda ligg mellom 180 og 230 centimeter og vekta mellom 300 og 700 kilogram. Dessutan har kamelen ein hale som er frå 35 til 55 centimeters lengde, noko som er heller kort. Pelsfargen varierer mellom mørkebrun, besj og sandgrå. Medan dromedaren sin pels er relativ kort, har den baktriske kamelen lang pels vinterstid. Under våren vert pelsen bytta ut og kamelen har i desse månadene ein meir rufsete utsjånad.

Som alle kameldyr har kamelen berra to tær per fot, og berre to ledd av tåa når bakken. Dei har ikkje høver, berre negler som beskyttar den fremre kanten på foten. Under heile foten finst det ein elastisk fotsole som består av bindevev.

Kamelen har lang hals og eit langstrakt hovud. Den øvre leppa er kløyvd i to delar. Som vern mot ekstreme vêrforhold har auga stora augelokk og stengbare naseopningar. Akkurat som hos andre kameldyr har kamelen ein mage som er delt i fleire kammer. Dermed blir den vegetariske føda omdanna på ein god måte.

Biologisk tilpassing til varme og kulde[endre | endre wikiteksten]

Dromedarar i gold ørken.
Foto: Yoav Dothan
Kamelar i snøen i Kina.
Foto: 戴守奎

Camelus lagrar feitt i puklar som energireserve. Når feittet seinare blir forbrunne i kroppen vert det produsert meir enn 1 gram vatn per gram feitt. Dette skjer gjennom kjemisk reduksjon av feittet med hjelp av syre, og er bakgrunnen til misforståinga om at kamelar og dromedarar har vatn i puklane sine. Det at kamelen kan omdanne feitt til vatn gjer at kameldyr kan klare seg i lange tider utan vatn. Ei slik evne til å halde ut, sjølv i dels svært høge temperaturar, kan kamelen likevel ikkje berre takke puklane for. Blodcellene deira har ei oval form, i motsetnad til dei fleste andre pattedyr som har sirkulære. Difor kan kamelen halde fram med sirkulasjon i situasjonar der andre hadde tørka ut. Dessutan kan cellene deira lettare stå imot høge osmotiske trykk[1] utan å få interne bristingar som følgje av dei enorme mengdene vatn (100-150 liter) som kamelar kan drikke på ein gong.[2]

Dromedarar og kamelar klarer store skilnader i kroppstemperatur. Kroppstemperaturen kan variere mellom 34 °C nattestid og 41 °C på dagtid. Når kroppstemperaturen kjem over 41 °C startar dei å sveitte. Denne øvre temperaturgrensa blir sjeldan nådd i mildt klima og derfor kan dei ofte klare seg heilt utan å sveitte i løpet av dagen. Dei klarer dessuten å sveitte bort 20-25 prosent av kroppsvekta, noko som ikkje kan samanliknast med dei fleste andre pattedyr som blir uttørka allereie etter 3-4 prosent. Blodet held fram med å vere hydrert til 25 prosent av kroppsvekta er mista.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Dromedargruppe i ørkenen i Oman.
Foto: Andries Oudshoorn

I motsetnad til sine søramerikanske kameldyrslektningar lever artane i slekta Camelus i nokre av dei tørraste områda på jorda. Utanom dessa to artar finst berre få store pattedyr som klarer å overleva i ørkenen.

Artane er aktive om dagen og dyr som lever fritt i naturen dannar grupper som består av ein hann, fleire hoer og deira ungar. Unge hannar som forlet slike grupper sluttar seg iblant saman til eigen grupper. Hannar kjemper ofte med kvarandre for retten til å leia grupper med hoer.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Baktrisk kamel og dromedar livnærer seg hovudsakleg av gras. Dei kan eta plantar med taggar og plantar som er rike på salt. I naudsituasjonar hender det at dei et bein, hud og kjøt eller til og med telttøy, sandalar eller kleda til sine eigne passarar.

Forplantning[endre | endre wikiteksten]

Etter den forholdsvis langvarige drekta som varar i 360 til 440 dagar føder hoa normalt ein enkelt unge. Ungen er langt utvikla og kan gå etter kort tid. Etter cirka eit år sluttar hoa å gje mjølk og etter to eller tre år er ungen kjønsmogen. Artane i slekta blir mellom 40 og 50 år gamle.

Utbreiing og bruk[endre | endre wikiteksten]

Kamel med vogn i Punjab i India.
Foto: Khalid Mahmood

Medan dromedaren blir brukt i Afrika er kamelen mykje nytta i delar av Asia. Av dei rundt 14 millionar dromedarane som finst er dei aller fleste tamdyr i Somalia, Sudan, Mauretania og nabolanda deira. Den største ville dromedarpopulasjonen i verda finst i Australia, der dyr blei frakta for bruk til transport i ørkenen på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Populasjonen klarer seg godt og veks med rundt 11 prosent per år. Det blir derfor drive jakt på kamelar i South Australia for å halda talet nede.

Det finst nesten berre ein tidel så mange kamelar, og dei fleste er tamdyr (cirka 1,4 millionar). Ein reknar med at det finst rundt 1 000 ville baktriske kamelar i Gobiørkenen i Kina og Mongolia.[3]

Dromedar og kamel blir brukt til transport, både som ride- og pakkdyr, til mat gjennom kjøt og mjølk, og ein bruker ulla og skinnet hans som materiale.

Dyra kan brukast til karavanetrafikk og kortare reiser. Dei kan bera lass sjølv eller dra mindre vogner. Klauvene deira er også mindre ømtolige enn hestehovar, og dei kan derfor ta seg fram i steinfulle område utan å ta skade. Dei klarer seg også gjennom tørke betre enn dyr som kyr, sauar og geiter. Medan dei ei tid var sett på som lite økonomiske av regjeringa i Sudan, klarte dei seg godt under den store afrikanske tørka i 1984-1985 medan andre husdyr døydde.

Dromedarmåltid i Mauretania.

Gamle greske kjelder fortel at persarane serverte heilsteikt kamel på bankettar, og romarane åt delar av dyra, som kamelhæl. I fleire land der dyra er vanlege har kamelkjøt ei lang kulturell historie, og kan vera ein viktig kjelde til protein og andre næringsstoff. Mjølka kan foredlast til smør eller jogurt. Kamelmjølk er rekna som eit lækjemiddel av indarar og av beduinar om kamelen har ete visse plantar. I Etiopia er ho rekna som lystframkallande. Matprodukt av kamel er forbodne av jødiske kosher-reglar, ettersom dei er drøvtyggarar men ikkje har kløyvde hovar.

SN-soldatar i Eritrea på dromedarar.

Ein har nytta både dromedarer og kamelar i krig. Historisk har dromedarar vore ein viktig del av krigføring i Midtausten. Ein dromedar kan springa i opptil 60 kilometer i timen over korte avstandar og 40 kilometer i timen over lengre.

Det kan haldast dromedarløp i område der det finst mange av desse dyra, skikken er særleg vanleg i Arabia.

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Dromedarar har éin pukkel og tynn pels medan kamelar har to puklar og tjukkare ragg. Ei kryssing mellom dei to, kjend som bukhts, blir større enn begge foreldra. Dette dyret får ein pukkel og blir brukt som pakkdyr. Ei ho-kryssing kan kryssast med kamel igjen. Slike dyr blir brukt som ridedyr i Kasakhstan.

Det er også mogleg å kryssa dromedar og lama, men berre gjennom prøverøyrsbefrukting ettersom dromedaren er seks gonger større enn lamaen.

Kamelar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Barn på dromedar. Bysantinsk mosaikk i Istanbul frå 560-570-talet.
Arabisk bilde av ryttarar på dromedar og hest frå rundt 1335.

Kamelar har inspirert til kunstverk der dei har blitt haldne. I Noreg er «Den talende kamel» i Thorbjørn Egner si forteljing om Kardemomme by ein kjend kamel frå kulturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Svensk Wikipedia oppgav Unique properties of the camel erythrocyte membrane, National Center for Biotechnology Information, 5 april 1975
  2. Svensk Wikipedia oppgav Dromedary, Hannover Zoo, vitja 8. januar 2008
  3. Svensk Wikipedia oppgav Wild Bactrian Camel, Animal Info