Flodhest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flodhest

Status i verda: VU Sårbar

Flodhest under vatn
Flodhest under vatn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Orden: Artiodactyla
Familie: Hippopotamidae
Slekt: Hippopotamus
Vitskapleg namn
Hippopotamus amphibius

Flodhest (Hippopotamus amphibius) er den største nolevande flodhesten og den einaste nolevande arten i slekta Hippopotamus.

Flodhesten fanst tidlegare i Afrika heilt nord til Nilen og i Jordanelva i Asia. I dag lever ville flodhestar berre i Afrika sør for Sahara. Dyra er rekna som sårbare av IUCN.

Flodhest i Tanzania.
Flodhestflokk i Tanzania.
Video av flodhestar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Flodhestar er kraftige, tjukkhuda og nesten hårlause dyr. Vaksne dyr har vanlegvis ei skulderhøgd på rundt 1,4 meter og ei lengd på 3,3–3,5 meter, men kan nå opptil 4,5 meter. Hannar er større enn hoer og veg gjerne mellom 1600 og 3200 kg, medan hoer kan bli opptil 650-2350 kg. Nyfødde flodhestar er 25-5 kg tunge.

Dyra har store hovud med kraftige kjevar og store tenner. Fortennene og hjørnetennene veks livet gjennom. Beina er korte og dei har fire tær på kvar fot. Tærne kan sprika og har symjehud.

Flodhesten er tilpassa eit liv der han er mykje nedsenkt i vatn, med auge, øyre og nasebor på oversida av hovudet. Nasebora kan lukkast.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Flodhestar lever i og ved elver, sjøar og sumper. Dei held til i flokkar som typisk omfattar 10-15 individ, men kan også danna større flokkar på opptil 150 dyr. Flodhesthannar kan vera særs aggressive mot kvarandre.

Dei er planteetarar som hovudsakleg et plantar som veks ved vatnet dei held til i. Som regel går dei på land og beiter om natta.

Kart som viser tidlegare (raudt) og noverande (grønt) utbreiingsområde for flodhest.

Flodhest og menneske[endre | endre wikiteksten]

Flodhestskulptur frå Det gamle Egypt.

Flodhest har blitt jakta på for kjøt, feitt, skinn og tenner. Særleg dei store nedre hjørnetennene er blitt brukt som kjelde til elfenbein. Sidan 1900 har talet på ville flodhestar gått tilbake grunna jakt og habitattap.

Flodhestar kan drepa menneske. Dei kan også gjera stor skade på avlingar i jordbruket.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flodhest

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Rwembeho, «Rwanda: Hippo Kills Farmer in Late Night Attack», allafrica.com (7 January 2013); Sheriff Barry, «Parks & Wildlife director comments on the hippo rampage in CRR », Daily Observer (November 15, 2012)