Te Urewera National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Te Urewera National Park
Utsyn frå Te Urewera mot East Cape.
Utsyn frå Te Urewera mot East Cape.
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand >br /> Hawke's Bay
Wairoa
Oppretta 1954
Geografi
Flatevidd
 - Nasjonalpark

2127 km²
Koordinatar 38°45′0″S 177°9′0″EKoordinatar: 38°45′0″S 177°9′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Næraste byar: Gisborne, Whakatane, Murupara og Wairoa.
Plassering
Te Urewera National Park is located in New Zealand

Te Urewera National Park er ein av fjorten nasjonalparkarNew Zealand, og den største av dei fire på Nordøya. Parken dekkjer eit område på om kring 2 127 km², og han ligg nordaust for regionen Hawke's Bay.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 28. juli 1954 vart tilsigsområda til Lake Waikaremoana, Lake Waikareiti og andre statlege reservat oppretta som ein nasjonalpark, og i 1957 var det kome framlegg om å leggja til resten av dei statlege områda i Te Urewera nord for Ruatahuna. Desse framlegga vart formaliserte i november 1957 då nye område på 1 350 km² vart lagde til. Fleire tillegg kom i 1962, 1975 og 1979, med mindre utvidingar og grenseendringar i perioden mellom.

Māoriområde[endre | endre wikiteksten]

Te Urewera National Park.

Innsjøar og māorienklavar vart ikkje tekne med parkområda. Staten har leigd sjøane som er administrerte av Miljøverndepartementet, Department of Conservation.

Te Urewera er det tradisjonelle heimlandet til Tuhoe-folket. På grunn av området sin geografiske isolasjon, vart det ein av dei siste regionane som vart gjort krav på under den britiske koloniseringa i det 19. hundreåret. Te Kooti, māorileiaren, fann tilflukt her frå forfølgjarane sine, og danna ein allianse med Tuhoe.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet til parken kjem frå māoriorda ure som tyder penis, og wera, som tyder brent, slik er altså den bokstavlege omsetjinga frå māori «brend penis» (nasjonalpark). Dette namnet kjem frå ei tradisjonell māoriforteljing, der ein høvding, for fleire hundre år sidan, døydde då han var ute på ei jaktferd i skogane som no utgjer parken. Han rulla over i søvne medan han låg nær leirbålet, og fekk store brannskadar i underlivet.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Alle dei innfødde fugleslaga på Nordøya, utanom wekarikse, held til i parken[1]. Kronebregne (Blechnum discolor) er ein utbreidd plante i skogbotnen[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Te Urewera National Park. Department of Conservation.
  2. C. Michael Hogan (2009). "Crown fern: Blechnum discolor". Globaltwitcher.com, ed. N. Stromberg.
  • Charles Rawlings-Way, Carolyn Bain, Brett Atkinson, Errol Hunt, Peter Dragicevich and Sarah Bennett. 2008. New Zealand, Lonely Planet Publications, Edition 14, ISBN 1-74104-816-8 756 sider