Tenzing Norgay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tenzing Norgay

Statsborgarskap Nepal, India
Fødd 15. mai 1914
Tengboche, Khumbu, Ü-Tsang, Thame
Død

9. mai 1986 (71 år)
Darjeeling

Yrke oppdagar, fjellfører, sjølvbiograf, fjellklatrer
Språk nepali, Sherpa
Religion tibetansk buddhisme
Ektefelle Dawa Phuti, Ang Lahmu, Dakku
Tenzing Norgay på Commons
statue av Tenzing Norgay

Tenzing Norgay (om lag 15. mai 19149. mai 1986) var ein nepalsk sherpa og fjellklatrar, deltakar på sju ekspedisjonar til Mount Everest, og saman med Edmund Hillary den 29. mai 1953 det første mennesket som stod på toppen av Mount Everest.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Tenzing Norgay kom frå ein bondefamilie Khumbu i Nepal, veldig nær Mount Everest, som sherpaene kallar Chomolungma. Då han hadde vore på toppen av Mount Everest trudde folk at han var fødd i dette området, men på 1990-talet kom det fram at han var fødd og hadde levd dei første åra sine i Kharta Valley-regionen i Tibet, aust for Mount Everest, men dette hadde blitt halde hemmeleg av politiske årsaker.

Eigentleg heitte han «Namgyal Wangdi», men som born blei namnet hans endra av hovudlamaen og grunleggjaren av det berømte rongbukklosteret – Ngawang Tenzin Norbu. Far hans, jakgjetaren Ghang La Mingma, døydde i 1949, men mor hans, Dokmo Kinzom, fekk oppleve at sonen nådde toppen av Mount Everest. Han var den ellevte av tretten born. Dei fleste syskena hans døydde i ung alder.

Fødselsdatoen hans er usikker, men han visste at det var i slutten av mai, og seinare rekna han 29. mai som fødselsdagen sin, sidan det var på den datoen han nådde toppen av Mount Everest.

Han rømde til Kathmandu to gonger som gutunge, og i ein alder av 19 år slo han seg ned i sherpasamfunnet Too Song Bhusti i Darjeeling.

Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]

Han deltok i tre offisielle forsøk på å klatre opp på toppen av Everest frå den nordre tibetanske sida på 1930-talet.

Tenzing deltok også som fjellklatrar på den indiske halvøya, og i ei tid budde han i det som i dag er Pakistan. Han meinte at den vanskelegaste klatringa han har vore med på var på austre Nanda Devi, der fleire personar døydde.

I 1947 deltok han i eit mislykka forsøk på å nå toppen av Everest. Den eksentriske engelskmannen Earl Denman, Ange Dawa Sherpa og Tenzing tok seg ulovleg inn i Tibet, men dei snudde om og kom seg ned att i sikkerheit etter at ein storm 6 700 meter oppe hadde stogga dei.

I 1952 deltok Tenzing i to sveitsiske ekspedisjonar leia av Raymond Lambert, som var det første seriøse forsøket på å klatre opp på Everest frå den nepalske sida. Han og Lambert nådde den dåverande høgderekorden på 8 599 m.

Mount Everest[endre | endre wikiteksten]

Tenzing Norgay og Edmund Hillary

I 1953 deltok han i sir John Hunt sin ekspedisjon, som var Tenzing sin sjuande Everestekspedisjon, og saman med Edmund Hillary blei han den første som nådde toppen av Mount Everest. Han vart etter dette beundra i India og Nepal, og somme trudde til og med at han måtte vere ein inkarnasjon av Buddha eller Sjiva.

Tenzing og Hillary var dei første som sette føtene sine på toppen av Mount Everest, men mange journalistar ville gjerne vite kven som var først av dei og hadde den rettmessige æra av å vere den første personen på toppen av Everest.

Tenzing la vekt på kor viktig det var med samhald i gruppa som klatra opp på Mount Everest, og rista også etter kvart av seg påstandar som sa at han hadde trengt drahjelp på veg opp fjellet, men avslørte at Hillary var den første som sette foten på toppen. «Om det er ei skam å vere det andre mennesket på Mount Everest, så er det ei skam eg får leve med,» sa han.

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

Tenzing var gift tre gonger. Den første kona hans, Dawa Phuti, døydde ung i 1944. Saman med henne hadde han ein son, Nima Dorje, som døydde då han var fire år gammal, og to døtrer. Dei var Pem Pem, som fekk sonen Tashi Tenzing som klatra Everest, og Nima, som gifta seg med ein grafisk designer frå Filippinane. Den andre kona til Tenzing, Ang Lahmu var ei kusine av den første kona hans. Dei fekk ingen born, men ho blei stemor til døtrene hans. Den tredje kona hans, Daku, gifta han seg med medan den andre kona enno var i live, noko som er tillate blant sherpaer, og saman med henne fekk han sønene Jamling og Norbu. Andre slektningar inkluderer nevøane Nawang Gombu og Topgay, som var med på ekspedisjonen i 1953.

Etter Mount Everest[endre | endre wikiteksten]

Tenzing blei seinare sjef for felttreninga på Himalayan Mountaineering Institute i Darjeeling. I 1978 grunnla han turselskapet Tenzing Norgay Adventures, som tilbyr turar i Himalaya. I 2003 vart selskapet drive av sonen Jamling Tenzing Norgay, som sjølv nådde toppen av Everest i 1996. Tenzing Norgay døydde i 1986.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]