Edmund Hillary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edmund Hillary i Warszawa i Polen i 2004.

Sir Edmund Percival Hillary (20. juli 191911. januar 2008) var ein newzealandsk fjellklatrar, mest kjend for å ha vore den første som klatra Mount Everest saman med Tenzing Norgay den 29. mai 1953. Bragda vart utført som ein del av den niande britiske ekspedisjonen til Mount Everest leia av Sir John Hunt.

Ungdom[endre | endre wikiteksten]

Hillary vart fødd i Tuakau, sør for Auckland der han gjekk på Auckland Grammar School. Skulen låg to timar frå Tuakau, derfor brukte han tida til og frå skulen til å lese. Då han voks opp var han lågare enn klassekameratane sine og svært blyg. Difor rømde han inn i bøkene sine og dagdrøymde om eit liv med mykje eventyr. Då han var seksten år gammal blei han intereressert i klatring etter ein skuletur til Ruapehu. Han oppdaga etterkvart at han var fysisk sterk og hadde betre uthald enn dei fleste av klatrevenane hans.

Edmund Hillary i 1957.

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen var han navigatør for Royal New Zealand Air Force. Han utgjorde ein del av den britiske spaningsekspedisjonen til Everest i 1951 under leiing av Eric Shipton, før han blei med i det suksessfulle forsøket i 1953. Han klatra ti andre toppar i Himalaya under reiser i 1956, 1960-1961 og 1963-1965. Han nådde også sørpolen som ein del av Samveldets trans-antarktiske ekspedisjon der han leia den newzealandske delen den 4. januar 1958. Han leia også ein jetbåtekspedisjon frå munningen av Ganges til elva si kjelde i 1977.

Åtgaum[endre | endre wikiteksten]

Hillary vart slått til riddar og blei kommandør av 1. klasse av den britiske imperieordenen den 16. juli 1953. Han er også medlem av Order Of New Zealand (1987). 23. april 1995 blei han tildelt Storbritannias øvste utmerking, Hosebandsordenen.

Fram til han døydde var han den einaste levande personen som var med på ein newzealandsk dollar. Fleire skular, vegar og organisasjonar i og utanfor New Zealand er oppkalla etter han. Nokre eksempel er Hillary College i Otara, Edmund Hillary Primary School i Papakura og Hillary Commission.

For å markere 50 års-jubileet av den første klatringa av Mount Everest gav den nepalske regjeringa eit heidersmedborgarskap til Hillary. Han er den første utanlandske personen som har fått dette i Nepal.

Filantropi[endre | endre wikiteksten]

Hillary brukte mykje av livet sitt på å hjelpe sherpaer i Nepal gjennom Himalaya Trust som han har grunnlagt og brukt mykje av energien sin på. Gjennom innsatsen sin har han fått bygd mange skular og sjukehus i den avsidesliggjande delen av Himalaya. Han har sagt at han såg på dette som sin viktigaste prestasjon. Han er også medlem av American Himalayan Foundation, ein organisasjon som arbeider med å betre økologien og levealderen i Himalaya. På 1980-talet var han høgkommissær frå New Zealand til India.

Hillary kritiserte mot slutten av livet seinare fjellklatrarar for oppførselen deira. Han gjekk særleg ut mot Mark Inglis og 40 andre klatrarar som, i fleire ulike grupper gjekk frå den britiske klatraren David Sharp slik at han døydde i mai 2006. Hillary sa: «Eg synest at heile jaget for å klatre Everest er skrekkinngytande. Menneska vil berre nå toppen, det er feil mot ein mann som lid under ein stein å berre løfte på hatten, seie god morgon og fortsette forbi.» Han fortalde også New Zealand Herald at han var forskrekka over den kjenslelause oppførselen til dagens klatrarar. «Dei bryr seg ikkje eit dogg om nokon andre kan vere i fare, og det imponerer meg slett ikkje at dei går frå ein person under ein stein slik at han døyr.»

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!