Terje A. Mørland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje A. Mørland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1854
Arendal
Død

5. juli 1937 (82 år)

Yrke forretningsdrivande, politikar
Språk norsk
Politisk parti Samlingspartiet
Terje A. Mørland på Commons

Terje Andersson Mørland (20. august 18545. juli 1937) var ein norsk verftseigar, sagbrukseigar, trelasthandlar, stortingsrepresentant og skipsreiar frå Moland i Aust-Agder.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mørland arbeidde i ungdomen på verft i Stokken, dagens Saltrød. Sidan leigde han inn arbeidslag, sjølv var han formann. I 1880 byrja han bygge ein bark på ein leigd slipp ved Strengereid. Dette seglskipet vart ferdigbygt i 1881, i fylgje DNV, og fekk namnet «Sichem». Dei fylgjande tiåra stod han for 23 nybygg og 5 innkjøpte. Det siste skipet, «Sambo», vart ferdigstilt i 1920. Sambo var det einaste seglskipet bygt av Mørland som hadde motor.

Sagbruk og skipsverft[endre | endre wikiteksten]

Gartha-verven med dampsaga låg på Nedre Gartha ved Strengereid. På det meste skal 100 personar ha vore i arbeid på bruket og verftet. Saga hadde eigen kjøledam for dampmaskina, og hadde utrusting til å trekke tømmeret opp or vatnet via ei tømmerrenne. Verven kunne bygge 2 seglskip om gongen.

Dyvik Bruk låg i Dyvika seks kilometer aust for Arendal. Mørland, fløytingsinspektør Lidvard Midttun og disponent G. Blichner tok over bruket i 1921 gjennom firmaet A/S Box. Dette selskapet moderniserte drifta. Sagbruket på Nedre Gartha i Holt vart rive og flytta til ytre Dyvika, der det vart forsynt med to oppgangssager. Dampmaskin som drivkraft vart bytt ut med elektrisk kraft.

Trelasthandelen gjekk dårleg frå kring 1920. Grunna sterk oppskriving av den norske krona fall trelastprisene i utlandet mykje. Sagbruka vart då liggjande inne med store lager av tømmer kjøpt for høge prisar. Fleire bruk i Agder innstilte drifta eller fekk nye eigarar. Også A/S Box fekk vanskar, og i 1928 gjekk Blichner og Midttun ut av firmaet.

Firmaet heldt dei neste åra fram verksemda som familieselskap leia av Mørland. Bruket vart drive vidare i ein mindre målestokk. Innteninga var jamt over lita, så i desember 1935 stansa drifta av bruket.

Mørland kjøpte kring 1901 Bomuldsvarefabrikken i Arendal, der han var disponent i mange år.

Samfunnsaktivitet[endre | endre wikiteksten]

Mørland hadde ei rekke verv i kristelege organisasjonar, samt barnevernsinstitusjonar som Barbu barneheim og seinare Arendal guttehjem. Han var også sterkt engasjert i å etablere to folkehøgskular i Agder, 'Risøy ungdomsskole for sjømenn' samt kjøpet av Risøya frå staten, i tillegg til oppstartinga av 'Sørlandets kristelige ungdomsskole'. Han var ei tid ordførar i Holt herad og 1890-1900 forlikskommissær i Holt.

Mørland representerte valkrinsen Arendal og Grimstad og partigruppa SamlingspartietStortinget i perioden 1906-09. 1906-07 var han medlem av næringskomite nr 1, 1908-09 av næringskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]