The Look of Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Look of Love
Song av Dusty Springfield
frå albumet Casino Royale Soundtrack
Utgjeve 29. januar 1967
Innspelt Philips Studios, London
Sjanger Pop
Lengd 4:11
Selskap Colgems
Låtskrivar(ar) Hal David, Burt Bacharach
Produsent Phil Ramone

«The Look of Love» er ein popsong komponert av Burt Bacharach med tekst av Hal David og sungen av den engelske popsongaren Dusty Springfield. Han vart nytta i 1967 i James Bond-filmen Casino Royale. I 2008 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.[1] Han vart òg nominert til beste song Oscarprisen i 1968.

Låtskrivarar[endre | endre wikiteksten]

Musikken vart komponert av Burt Bacharach og han var opphavleg meint som ein instrumental. Seinare skreiv Hal David tekst til songen og han vart publisert i 1967. I følgje Bacharach var melodien inspirert av å sjå Ursula Andress i ein tidleg versjon av filmen.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Tidlege innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg spelt inn av Dusty Springfield for Casino Royale-soundtracket og vart nominert til ein Oscarprisen i 1968 og nådde Topp 40 i USA. Phil Ramone, som var lydteknikar på soundtracket, spelte inn songen på eiga hand frå resten av filmspora. Springfield spelte inn songen på ny same året i London, med ein hås saksofonsolo, og gav han ut som B-side til «Give Me Time». Claudine Longet spelte inn songen på albumet hennar frå 1967 med same namn. Lainie Kazan spelte òg inn «The Look of Love» (arrangert av Pat Williams) i 1967 for albumet Love is Lainie. Nina Simone spelte inn «The Look of Love» i 1967 på albumet hennar Silk & Soul. Sérgio Mendes sin hit-versjon på Sérgio Mendes & Brazil '66-albumet Look Around og nådde fjerdeplassen på poplista etter dei framførte songen på Oscarpris-utdelinga i mars 1968. Solovokalen på denne singelen vart gjort av Janis Hansen, ikkje Lani Hall, som var sjeldan med Brazil '66. Andy Williams gav ut ein versjon i 1967 på albumet hans, Love, Andy. Soulgruppa The Delfonics spelte òg inn songen i 1968 på albumet deira La La Means I Love You.

Seinare innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Isaac Hayes spelte inn songen i 1970 for albumet ...To Be Continued. Hayes nytta same teksten, men laga ein unik instrumentalbit som har vorte mykje sampla på R&B- og hip-hop-innspelingar.

El Chicano spelte «The Look of Love» i 1970 på albumet Viva Tirado .

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]