Isaac Hayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isaac Hayes
Isaac hayes 1973.jpg
Isaac Hayes spelar i International Amphitheater i Chicago som ein del av den årlege PUSH Black Expo, oktober 1973
Verkeleg namn Isaac Lee Hayes, Jr.
Opphav USA
Fødd 20. august 1942 i Covington i Tennessee
Død 10. august 2008 i Memphis i Tennessee
Instrument Piano, tangentinstrument, vokal, saksofon
Sjanger R&B, funk, soul, disco
Aktive år 1962 – 2008
Yrke Låtskrivar, arrangør, plateprodusent og skodespelar
Tilknytt artistar David Porter, Booker T. & the MGs, The Bar-Kays
Plateselskap Enterprise/Stax, ABC, Columbia Records, Pointblank
Nettside www.isaachayes.com

Isaac Lee Hayes, Jr. (20. august 194210. august 2008) var ein amerikansk soul- og funkmusikar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør, komponist og skodespelar. Hayes var ein av dei største kreative kreftene bak plateselskapet Stax Records, der han var både huskomponist og produsent med partneren David Porter på midten av 1960-talet. Seint på 1960-talet vart Hayes plateartist og spelte inn fleire suksessruke soulalbum, som Hot Buttered Soul (1969) og Black Moses (1971) og var ein av Stax sine største artistar.

I tillegg til å arbeide med popmusikk laga Hayes mykje filmmusikk. Det mest kjende verket hans er blaxploitationfimlen Shaft frå 1971, som gav Hayes ein Oscar for beste song (den første Oscar-prisen som vart gjeve til afroamerikanar utanom skodespelarkategoriar) og to Grammy-prisar. Han fekk ein tredje Grammy for albumet Black Moses.

I 1992 vart han krona som æreskonge for distriktet Ada i Ghana for sitt humanitære arbeid. Frå 1997 til 2006 var han stemma for karakteren Chef i animasjonsserien South Park.

Hayes vart funne medvitslaus i heimen sine like aust for Memphis i Tennessee 10. august 2008 medan han trente på tredemølle. Hayes vart frakta til sjukehus der han vart erklært død.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album på Topp 40-lista i USA og Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Topp 40-singlar i USA og Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Høgdepunkt av Isaac Hayes & David Porter[endre | endre wikiteksten]

Utvald filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
1974 Truck Turner Mac «Truck» Turner
1976 It Seemed Like a Good Idea at the Time Moriarty
1976-1977 The Rockford Files Gandolph Fitch TV, 3 episodar
1981 Escape from New York The Duke
1985 The A-Team C.J. Mack TV, 1 episode
1986 Hunter Jerome "Typhoon" Thompson TV, 1 episode
1987 Miami Vice Holiday TV, 1 episode
1988 I'm Gonna Git You Sucka Hammer
1990 Fire, Ice and Dynamite Hitek-leiar/Seg sjølv
1993 CB4 Eigar
Possee Cable
Robin Hood: Men in Tights Asneeze
American Playhouse Prophet TV, 1 episode
1994 It Could Happen to You Angel Dupree
Tales from the Crypt Samuel TV, 1 episode
1995 The Fresh Prince of Bel-Air Minister TV, 1 episode
1996 Flipper Sheriff Buck Cowan
Sliders The Prime Oracle TV, 1 episode
1997-2002 South Park Chef (stemme) TV, 137 episodar
1998 Blues Brothers 2000 The Louisiana Gator Boys
1999 South Park: Bigger, Longer & Uncut Chef (stemme)
The Hughleys The Man TV, 2 episodar
2000 Reindeer Games Zook
Shaft Mr. P
2001 Dr. Dolittle 2 Possum (stemme)
2002 The Education of Max Bickford «Night Train» Raymond TV, 1 episode
Fastlane Detective Marcus TV, 1 episode
2003 Girlfriends Eugene Childs TV, 2 episodar
2005 Hustle & Flow Arnel
2005-2006 Stargate SG-1 Tolok TV, 4 episodar
2008 Return to Sleepaway Camp Charlie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Soul legend Isaac Hayes dies. CNN (10. august 2008). Vitja 11. august 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isaac Hayes