The Rime of the Ancient Mariner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The Rime of the Ancient Mariner» er eit dikt skrive av den engelske diktaren Samuel Taylor Coleridge i 1797-1798 og gjeve ut i den første utgåva av samlinga Lyrical Ballads i 1798. Det er det lengste viktige diktet Coleridge skreiv.

Skrive med eit språk som imiterer dei anglo-skotske grenseballadane (som berre nyss hadde vorte introduserte til eit større engelsk publikum), fortel diktet om dei overnaturlege hendingane opplevde av ein sjømann på ei lang sjøreise. I løpet av reisa drep sjømannen ein albatross med armbrøsten sin. Dette brotsverket vekkjer vreiden til overnaturlege ånder som forfølgjer skipet, og dei andre medlemmene av mannskapet heng albatrossen rundt halsen på sjømannen. Til slutt, i ein nifs passasje, møter skipet eit spøkjelsesaktig fartøy. om bord er DØDEN og LIV-I-DØDEN, som kastar terning om sjelene til mannskapet. DØDEN vinn alle unnateke sjømannen. Ein etter ein døyr mannskapet, men sjømannen lever vidare. Til slutt blir forbanninga løfta når han ser sjødyr symje i vatnet og velsignar dei i hjartet sitt. Kroppane til mannskapet står opp att og styrer skipet heim. Sjømannen lyt vandre rundt på jorda og fortelje historia si, og lære ei lekse til dei han møter:

He prayeth best, who loveth best
All things both great and small;
For the dear God who loveth us,
He made and loveth all.

Da William Wordsworth og Coleridge planla opplegget for den felles diktsamlinga Lyrical Ballads, vart dei samde om at Wordsworth skulle komme med dikt om kvardagsliv og Coleridge om overnaturlege tema. Det er greitt at ein hugsar dette når ein ser på dette diktet.

Diktet fekk blanda mottaking frå kritikarane, og Coleridge gjorde fleire modifikasjonar gjennom åra. I andre utgåva av Lyrical Ballads (1800) erstatta han mange av dei arkaiske orda.

Diktet inneheld mange minneverdige og ofte siterte passasjar, slik som:

Water, water, every where,
And all the boards did shrink;
Water, water, every where,
Nor any drop to drink.

Og:

The very deep did rot: O Christ!
That ever this should be!
Yea, slimy things did crawl with legs
Upon the slimy sea.

Element frå «The Rime of the Ancient Mariner» har vorte bruka i populærkulturen. Men mest kjent er kanskje salmen skriven i 1848 av Cecil F. Alexander med dette refrenget som er eit ekko av det den gamle sjømannen føler:

All things bright and beautiful, 
All creatures great and small, 
All things wise and wonderful: 
The Lord God made them all.
  • Det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden har skrive ein 14-minutts song som er inspirert av diktet båe i innhald og tittel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heile teksten til diktet finn du her på virginia.edu:[1]