Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fleetwood Mac
Opphav England
Periode 1967
Sjanger Blues-rock (1967–1975), Pop (1975–)
Plateselskap Blue Horizon, Epic, Reprise, CBS Europe, Columbia UK, Sanctuary, Warner Bros. Records

Fleetwood Mac er eit innflytnadsrikt, og kommersielt vellykka britisk/amerikansk rockeband som vart starta i 1967. Dei har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Oppstarten[endre | endre wikiteksten]

Gruppa starta som Peter Green sitt Fleetwood Mac i 1967. Denne utgåva av gruppa gav ut ein serie med blues-baserte album og singlar som selde moderat bra, både i England, og resten av Europa.

Bandet vart grunnlagt av gitaristen Peter Green, trommeslagaren Mick Fleetwood, og bassisten, John McVie. Det fyrste albumet til trioens var A Hard Road. Seinare vart òg slidegitaristen Jeremy Spencer medlem av bandet, og bandet gav ut to nye album, som var ei engelsk tolking av Chicago Blues. Dei gav òg ut ein single, «Black Magic Woman», som eit år seinare vart attinnspelt av Santana, og vart ein hit i USA.

I 1968 fekk bandet nok eit medlem, den 18 år gamle gitaristen og låtskrivaren Danny Kirwan. På dette tidspunktet hadde bandet byrja å forandre stil til meir melodisk, og mot eksperimental/progressiv rock. Dei fleste framføringane var bygd i rundt gitarane til Green og Kirwan, og låtskrivinga til Kirwan vart jamt fordelt med Greens. Etter å ha gjeve ut to suksessrike singlar, den instrumentale «Albatross» (som framleis er den einaste nr. 1 hiten til gruppa i England), og den rolege «Man of the World» (#2 i England), gav dei ut albumet Then Play On. Then Play On er rekna for å vere det beste albumet bandet gav ut i Peter Green-perioden.

Diverre varte ikkje karrieren til Greens i bandet så lenge. Eksperimentering av dop, spesielt LSD, i tillegg til frustrasjon over kommersialismen som herska i musikkindustrien, førte til at Green til slutt forlét bandet han var med å grunnleggje. 28. mai 1970 opptrådde Peter Green for siste gong på scena med Fleetwood Mac.

Tidleg 70-tal[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga av 70-talet var ei turbulent tid for Fleetwood Mac, som avsette og tilsette medlemmer i stor skala. Den amerikanske gitaristen Bob Welch, førte ein meir jazz-prega stil inn i bandet, som var ein liten kontrast til den melodiske stilen til Kirwan. Den utilreknelege oppførselen hans førte til slutt at han forlét bandet i 1972. Welch sitt bidrag var «Future Games» (frå Future Games, 1971) , «Sentimental Lady» (frå Bare Trees, 1972) og «Hypnotized» (frå Mystery To Me, 1973)

Bob Weston og Dave Walker vart òg tilsette for ein kort periode på denne tida. Bob Weston vart sparka i 1973, og dette førte til at turnéen deira brått vart avlyst. Dette førte til at manageren deira, Clifford Davis, sende eit imitasjonsband ut på turné, namnet var Fleetwood Mac, men ingen originale medlemmer var med.

Rumours[endre | endre wikiteksten]

I 1974 byrja Bov Welch å gje inntrykk av at han ville forlate bandet, og Mick Fleetwood måtte dermed finne ein erstattar. Gjennom ein plateprodusent kom Fleetwood i kontakt med ein amerikansk duo, Buckingham Nicks. Fleetwood likte godt det han høyrde frå duoen, og ynskte at Lindsey Buckingham skulle erstatte Welch. Buckingham på sin side ville verte med, på det vilkåret at den musikalske partnaren og kjærasten hans, Stevie Nicks, også skulle få vere med.

I 1975, under leiing av den nye manageren Gabrielle Arras, gav den nye oppstillinga ut albumet Fleetwood Mac. Dette albumet vart eit gjennombrot for bandet, og albumet oppnådde stor popularitet. Nokre hitsinglar frå albumet er Christine McVie sin «Over My Head» og «Say You Love Me», og Stevie Nicks sin «Rhiannon (Will You Ever Win)»

Saman med suksessen kom også intern strid, i 1976 skilte John og Christine McVie seg, samtidig som det romantiske forholdet mellom Buckingham og Nicks slo sprekkar. I tillegg var det eit stort press på bandet om å gje ut eit nytt suksessalbum. Saman med rikdomen som kom av det førre albumet førte det til kreativ og personleg spenning i bandet, i tillegg til alkohol- og narkotikamisbruk.

Trass i problema som herja i bandet klarte dei å gje ut eit album i 1977, Rumours. Det vart det bestseljande albumet det året, og fram til 1998 hadde det vorte selt 18 millionar kopiar av plata. Albumet er sertifisert som diamantalbum av RIAA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!