Thomas Dybdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Dybdahl fotografert i mai 2006

Thomas Dybdahl (fødd 12. april 1979) er ein norsk songar og låtskrivar frå Sandnes. Han er vinnar av Spellemannprisen og Alarmprisen.

Dybdahl var gitarist i det jazz- og popinspirerte Stavanger-bandet Quadrophenics. Han fekk mykje merksemd for singeldebuten «Bird» i 2000. EPen John Wayne i 2001 vart ikkje så populær.

Året etter gav Dybdahl ut sitt første musikkalbum, That Great October Sound. Albumet selde godt, og blei spelt mykje på radio, samstundes som media gav albumet mykje merksemd. Platene Stray Dogs (2003) og One Day You'll Dance For Me, New York City (2004), bygde opp om Dybdahl sin posisjon som ein viktig popmusikar i Noreg.

Thomas Dybdahl er òg vokalist i popgruppa The National Bank, som omfattar medlemer mellom anna frå Jaga Jazzist. The National Bank album- og konsertdebuterte sommaren 2004, og mottok Spellemannprisen for årets pop-album.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Musikkalbum[endre | endre wikiteksten]

  • ...That Great October Sound (2002)
  • Stray Dogs (2003)
  • One Day You'll Dance For Me, New York City (2004)
  • October Triology (2006)
  • Science (2006)
  • Waiting For That One Clear Moment (2010)

EP-ar og singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Bird EP (2000)
  • John Wayne EP (2001)
  • Rain down on me (2003)
  • A lovestory (2004)

Deltaking i andre musikkutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]