Thomas Fasting
- Må ikkje forvekslast med Statsråd Thomas Fasting.
Thomas Fasting | |||
Fødd | 19. mars 1852 Levanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 25. november 1925 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, banksjef | ||
Alle verv |
|
Thomas Fasting (19. mars 1852–25. november 1925) var ein norsk jurist, banksjef og politikar for Venstre, fødd i Levanger. Stortingsmann Christian Frederik Fasting var farbror hans.
Fasting var son til ein tollkasserar. Etter studenteksamen ved latinlinja ved Kristiansunds høgre allmennskule i 1868 og juridisk embetseksamen i 1872, var han fullmektig hos sorenskrivaren i Romsdal.
Etter ein periode i Indredepartementet i 1874 slo han seg ned i Kristiansund som overrettsakførar. I tillegg var han sjef for Trondhjems Privatbank si avdeling i Kristiansund 1884–92 og Kristiansunds Sparebank frå 1893. Frå 1893 til 1919 var Fasting sorenskrivar i Nordmøre. Ved sidan av den offentlege stillinga dreiv han privat både skipsreiarlag, handels- og spekulasjonsforretning.
Fasting var medlem av Kristiansund bystyre 1882-1901, ordførar 1889-91. Perioden 1892-94 representerte han Kristiansund på Stortinget og var varamann 1898-1900. Ettersom Hans Rasmus Astrup brådøydde i februar 1898, rykte Fasting til fast plass 7. mars 1898. Grunna sjukdom møtte han ikkje 1898/99-sesjonen og var permittert 9. januar-15. februar 1900. Stortingsbolken 1906-09 representerte han einmannskrinsen Kristiansund på Tinget, i alle år sokna han til Høgre-leiren. Han var 1892-94 medlem av Lagtinget og tollkomitéen og 1898-1900, samt 1907-09 av næringskomité nr 2, siste treårsbolken som komiteformann. I 1908 sa Fasting nei til å vere med i regjeringa som Gunnar Knudsen var i ferd med å danne.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Thomas Fasting NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1852
- Døde i 1925
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1907-1909
- Stortingsrepresentantar for Kristiansund
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Kristiansund
- Venstreordførarar i Møre og Romsdal
- Norske sorenskrivarar
- Norske bankfolk
- Norske skipsreiarar
- Folk frå Levanger
- Folk frå Kristiansund