Gunnar Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Knudsen

Fødd19. september 1848
Arendal
Død1. desember 1928 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, ingeniør
FarChristen Knudsen
BarnMargit Schiøtt
Alle verv

Gunnar Knudsen, fullt namn Aanon Gunerius Knudsen (19. september 18481. desember 1928) var ein norsk statsminister, skipsreiar, ingeniør og industribyggjar.

Knudsen vart fødd i Saltrød ved Arendal. Han tok artium i 1866, vart c. philos. i 1867 og ingeniør i 1869 ved Chalmerska Institutet i Göteborg. Knudsen utdanna seg i Kristiania (Oslo) og Sunderland 1870–71. Han var skipsreiar frå 1871, og dreiv omfattande fabrikkdrift frå 1887. Knudsen overtok godset Borgestad i 1882.

I 1891 vart Knudsen, som var venstremann, vald inn til Stortinget. I 1901 vart han minister i den svensk-norske regjeringa. Han var statsminister i to omgangar. Fyrste regjeringsperioden var frå 1908 til -10, andre regjeringsperioden var frå 1913 til -20.

Som politikar gjorde han framlegg om at staten skulle kjøpe inn fossar. Han var sentral i debatten om konsesjonslovene, og ved opprettinga av Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen NVE. I 1885 byrja Laugstol Bruk sitt elektrisitetsverk i Skien å levere straum til abonnentar. Den seinare statsministeren Gunnar Knudsen var initiativtakar til det fyrste elektrisitetsverket i Noreg. Som elektrisitetsverk vert rekna kraftverk som ikkje berre produserer straum til eige bruk, men som sel elektrisitet til abonnentar. Laugstol Bruk var eit vasskraftverk som utnytta høgdeskilnaden mellom nokre vatn i Skien. Føremålet med elektrisitetsverket var i utgangspunktet å skaffa betre og mindre brannfarleg lys i bedrifta.

Knudsen var partileiar i Venstre frå 1909 til 1927.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur:[endre | endre wikiteksten]

  • Fuglum, Per: Én skute - én skipper: Gunnar Knudsen som statsminister 1908-10 og 1913-20, Trondheim 1989.
  • Knudsen, Gunnar:Erindringer 1905-1925 /; bearbeidet og redigert av Harald Bache Bystrøm, Porsgrunn 1998.
  • Knudsen, Gunnar: Statsminister Gunnar Knudsens foredrag om koncessionslovene: i Kristiania handelsstands forening., Kristiania 1910.
  • Laugstol bruks elektrisitetsværk 1885-1910, 1910.
  • Nissen, Bernt A: Gunnar Knudsen, Oslo 1957.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]