Tigersprangjuvet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tigersprangjuvet
Inne i Tigersprangjuvet

Tigersprangjuvet (kinesisk: 虎跳峡, Hǔtiào Xiá) er eit 15 km langt juv som elva Chang Jiang renn gjennom, om lag 60 km nord for byen Lijiang i provinsen Yunnan i Sørvest-Kina. Heile området der elva buktar seg gjennom tre parallelle elveløp, er verna som verdsarvstad av UNESCO. Juvet er eit mykje søkt turistmål.

Tigersprangjuvet ligg mellom fjelltoppane Yulongxue Shan på 5 596 moh, og Haba Xueshan på 5 396 moh. Juvet dannar ei rekke fossestryk, under opptil 2 000 meter høge og stupbratte bergsider. Legenda seier at ein tiger berga seg frå jegrar ved å hoppe over eit 25 meter breidt juv.

Tigersprangjuvet vart opna for turisme i 1983. Etter massive protestar vart planar frå 2004 om å anlegge eit vasskraftverk i juvet; Hutiaoxia-demninga, venteleg skrinlagde i 2007.[1] Prosjektet ville ha redusert vassføringa sterkt og tvinga nakhi-folk til mindre gjestmilde område lengre opp mot Tibet.[2] Derimot er vasskraftanlegg under utbygging ovanfor juvet.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tigersprangjuvet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]