Tigran Petrosjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tigran Petrosjan (Oberhausen 1961)

Tigran Vartanovitsj Petrosjan[1] (17. juni 192913. august 1984) var verdsmeister i sjakk frå 1963 til 1969.

Petrosjan var etnisk armenar, fødd i Tbilisi, hovudstaden i Georgia, Sovjetunionen. Han døydde i Moskva.

I 1963 slo han Mikhail Botvinnik 12,5–9,5 i kampen om VM-tittelen. Petrosjan forsvarte tittelen i 1966, då han slo Boris Spasskij 12,5–11,5. I 1969 tapte han tittelen til Spasskij (10,5–12,5).

Åtte gongar kvalifiserte han seg for kandidatturneringa til VM i sjakk, i 1953, 1956, 1959, 1962, 1971, 1974, 1977 og 1980. Han vann kandidatturneringa på Curaçao i 1962, og kvalifiserte seg med dette til VM-kamp mot Botvinnik i 1963. Han spelte VM-kampar i 1966 og 1969, og var dermed med i 10 VM på rad med på kandidatturnering-nivå eller over.

Tigran Petrosjan vann Sovjet-meisterskapen i sjakk fire gongar, i 1959, 1961, 1969 og 1975.

Berømte sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. armensk Տիգրան Վարդանի Պետրոսյան, russisk Тигран Вартанович Петросян