Mikhail Botvinnik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikhail Botvinnik i 1933

Mikhail Moisejevitsj Botvinnik (ru. Михаил Моисеевич Ботвинник; (17. august 19115. mai 1995) var ein russisk og sovjetisk sjakkspelar og verdsmeister i sjakk. Han var verdsmeister i til saman om lag 16 år, i åra 1948-1957, 1958-1960 og 1961-1963.

Botvinnik viste seg tidleg som eit stort talent, og vekte oppsikt som 14-åring då han slo verdsmeistaren Capablanca i ei simultanoppvisning. Han hadde då spelt sjakk i berre 2 år. Han hadde deretter stor framgang, og kvalifiserte seg til Sovjet-meisterskapen i 1927, som den yngste til då. I turneringa vart han nummer 5, og vart utnemnd til tittelen nasjonal meisterspelar.

Botvinnik vann deretter andre sterke turneringar, før han i 1931 for første gong vann sovjetmeisterskapen i sjakk. Han vann seinare sovjetmeisterskapen i 1933, 1939, 1941, 1945 og 1952. Han hadde på 30-talet også andre svært gode resultat i internasjonale turneringar. Som følgje av dette aksepterte verdsmeistaren Alexander Alekhine ei utfordring frå Botvinnik om ein kamp om VM-tittelen. Dette vart likevel ikkje noko av, då 2. verdskrigen braut ut.

I 1946 døydde Alekhine, og for å få kåra ein ny verdsmeister arrangerte Verdssjakkforbundet FIDE i 1948 ei turnering mellom 5 av dei fremste spelarane i verda: Botvinnik, Paul Keres og Vasilij Smyslov frå Sovjetunionen, eksverdsmeister Max Euwe frå Nederland og Samuel Reshevsky frå USA. Botvinnik vann denne turneringa ganske klart, og vart dermed verdsmeister.

Botvinnik forsvarte deretter tittelen i offisielle tittelkampar i 1951 mot David Bronstein og i 1954 mot Vasilij Smyslov.

Men i 1957 klarte Smyslov å slå Botvinnik. Botvinnik hadde rett til omkamp, og i returkampen i 1958 kom Botvinnik godt førebudd, og klarte å vinne tilbake tittelen med resultatet 12,5–10,5.

I VM-kampen i 1960 mista Botvinnik tittelen til Mikhail Tal. Også denne gongen hadde Botvinnik rett til omkamp, og vann tilbake VM-tittelen i returkampen i 1961.

I VM-kampen i 1963 tapte Botvinnik igjen ein tittelkamp, denne gongen mot Tigran Petrosjan. I mellomtida hadde Verdssjakkforbundet FIDE bestemt at Botvinnik ikkje skulle ha rett til å krevje omkamp.

Botvinnik heldt fram med å spele internasjonal turneringssjakk til 1970.

Botvinnik starta ein sjakkskule som gav undervisning til spesielt begava talent. Fleire storspelarar har vore innom Botvinnik sin sjakkskule, mellom anna verdsmeistrane Anatolij Karpov, Garri Kasparov og Vladimir Kramnik.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]