Tiransundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over sundet.

Tiransundet (arabisk: مضيق تيران‎ Maḍyaq Tīrān, hebraisk: מצרי טיראן‎ - Metzarei Tiran) er namnet på sundet som utgjer innlaupet til Akababukta i Raudehavet.

Sundet går mellom kysten av EgyptSinaihalvøya i vest og den egyptiske øya Tiran i aust. Det er 16 km langt og 8 km breitt, og skil Sinaihalvøya frå Den arabiske halvøya og Saudi-Arabia. Vest for øya Tiran ligg Sanafir, ei øy som høyrer til Saudi-Arabia men som blir administrert av Egypt.

Tiransundet er strategisk viktig for sjøfarten i både Egypt, Jordan, Israel og Saudi-Arabia. Den utløysande faktoren for Seksdagarskrigen i 1967 var at Egypt sperra Tiransundet for israelske skip på veg til eller frå Eilat.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]