Tjuefireprikka marihøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tjuefireprikka marihøne


Status i Noreg: LC Livskraftig

Subcoccinella vigintiquatuorpunctata 1.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Leddyr
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insekt
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Biller
Underorden: Polyphaga
Infraorden: Cucujiformea
Overfamilie: Cucujoidea
Familie: Marihøne
Slekt: Subcoccinella
Vitskapleg namn
Subcoccinella vigintiquatuorpunctata

Tjuefireprikka marihøne (Subcoccinella vigintiquatuorpunctata) er ei bille i marihønefamilien. Arten finst utbreidd i meir eller mindre heile Europa og Asia, i Noreg vanlegast langsmed kysten nord til Nordland. Arten er òg funnen i USA, der han er framand. Han skil seg frå dei fleste andre marihøner ved å vera planteetar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Tjuefireprikka marihøne er tre til fire millimeter lang med oransje til raudbrun kropp. Denne er sterkt avrunda og dekt med små fine hår. Kvar dekkvengje har tolv svarte flekkar, men dette kan variera. På brystskjoldet har dei ein til tre svarte flekkar som er samanbundne.

Larvene til arten er 4-5 mm lange og gråkvite, med seks karakteristiske radar med greina tornar på ryggen.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Tjuefireprikka marihøne høyrer til dei planteetande marihønene i underfamilien Epilachninae. Både larvar og vaksne biller lever av overhud og bladkjøt, som dei skrellar av planten der dei gneg frå undersida. Ein kan kjenna att skade frå arten på dei karakteristisk parallelt liggande stripene dei etterlet seg. Mellom vertsplantane finn ein mellom anna engsmelle, såpeurt, praktstjerne, vindelslirekne og nellik.

Sør i Europa er den tjuefireprikka marihøna eit betrakteleg skadedyr på avlingar av mellom andre georginer, lusern, kløver, bete og nellikar i veksthus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]