Tony Clarke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tony Clarke (21. august 19414. januar 2010)[1] var ein engelsk plateprodusent og gitarist. Han var fødd i Coventry og er mest kjend som produsent for The Moody Blues frå 1966 til 1979.[1]

Clarke starta som bassist i skiffleband i 1950-åra og heldt fram i rockeband tidleg i 1960-åra. I tillegg arbeidde han som studiomusikar for Decca Records og i 1963 fekk han jobb i selskapet. I 1964 byrja han å jobbe i produsentavdelinga under Dick Rowe.[1]

Han produserte den første singelen sin med Pinkerton's Assorted Colours og songen, «Mirror, Mirror», nådde 8. plass på den britiske singellista. Han vart sett saman med The Moody Blues i 1966 og produserte det populære albumet Days of Future Passed i 1967. Han arbeidde tett med dei i løpet av dei neste seks albuma deira.

I tillegg til Moody Blues arbeidde Clarke Providence og albumet Blue Jays by Moody Blues-medlemmane Justin Hayward og John Lodge. Han produserte òg comebackalbumet til Moody Blues, Octave, men valte å ikkje halde fram samarbeidet med dei. Han produserte så Clannad, Rick Wakeman og Nicky Hopkins, blant andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]