Tor Arne Hetland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tor Arne Hetland

Tor Arne Hetland (fødd 12. januar 1974) er ein norsk langrennsløpar frå Helleland i Eigersund kommune i Rogaland, som er ein av dei mest snøfattige kommunane i Noreg. Han representerer Byåsen IL.

Tor Arne Hetland har i fleire år høyrt til den absolutte verdstoppen i langrennssprint. Han vart tidenes første verdsmeister i 1,5 km sprint i Lahti i Ski-VM 2001. Øvinga kom òg med på det olympiske programmet i OL i Salt Lake City 2002, og igjen gjekk Hetland til topps. I VM 2003 i Val di Fiemme vart det bronsemedalje, og i VM i 2005 i Oberstdorf vart det sølv.

Hetland er òg ein sterk løpar på lengre distansar. I 2001 var han med på laget som vann 4 x 10 km stafett i Lahti-VM.

I sesongen 2004/2005 vann han verdscupen i sprint, og kom på tredje plass i verdscupen samanlagt. I desember 2005 leia han verdscupen 2005/2006 framom tyskaren Tobias Angerer.

I Vinter-OL 2006 tok han sølv saman med makker Jens Arne Svartedal på lagsprinten.

24. april 2009 vart det klart at Tor Arne Hetland legg opp som følgje av problem med astma og ein kneskade.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]