Torskekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samanstøyt mellom det islandske kystvaktskipet Odin og den britiske fregatten Scylla den 23/2-1976.

Torskekrigen (islandsk Þorskastríðin) var ein konflikt mellom Island og Storbritannia frå 1958 til 1976 med grunnlag i omstridde fiskerettar.

Krisa var mest alvorleg mellom 1973 og 1976, etter at Island utvida sitt territorialfarvatn til 200 nautiske mil (370 km). Storbritannia anerkjende ikkje den nye islandske grensa. Derfor blei konflikten trappa opp med nærgåande patruljar av kystvaktskip frå begge land, der skipa tidvis støytte borti kvarandre.

Konflikten enda då Island truga med å stenga NATO-basen på Keflavik. Stenging av denne basen ville ha svekka NATO si moglegheit til å forsvara Nord-Atlanteren mot frykta åtak frå Sovjetunionen. Dei to statane gjekk med på eit kompromiss der ikkje meir enn 24 britiske trålarar fekk tilgang til den omstridde sona. Territorialsoner på 200 nautiske mil blei internasjonalt anerkjend under Havrettstraktaten i 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]