Trådstjertar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trådstjertar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Trådstjertar Discosura
Bonaparte, 1850
Artar
Grøntrådstjert
Topptrådstjert
Ringtrådstjert
Bronsetrådstjert
Hjartetrådstjert

Trådstjertar er ei biologisk slekt Discosura av kolibriar med fem medlemmer som samla har eit leveområde frå Costa Rica til Rio de Janeiro. Slekta er ein del av stammen Lesbiini, «koketter», innanfor underfamilien Lesbiinae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Trådstjertar er små, i hovudsak kopargrøne kolibriar med eit iaugefallande kvitt band over overgumpen og med kvite flekker på kroppssidene. Hannane har lange og djupt kløfta halar, medan hoene har korte halar, relativt korte, rette nebb og viser tydelege mønster på undersida. Dette er skogbaserte kolibriar som spesielt favoriserer skog i relativt lågtliggande fjellsider[1] og ein art, ringtrådstjert (Discosura langsdorffi) berre i lågtliggande skog 100-300 moh. Typisk er hannar 10-11 cm lange, hoene 6,5 til 8 cm.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Trådstjertar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[4]

  • Grøntrådstjert, Discosura conversii, Green thorntail, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
Lever i Costa Rica, Panama, langs stillehavskysten av Colombia og langs vestsida av Andes i Ecuador.[5]
  • Topptrådstjert, Discosura popelairii, Wire-crested thorntail, (Du Bus de Gisignies, 1846), (LC)
Lever i ikkje-samanhengande område ved austre Andes i Meta-departementet i Colombia, i Ecuador, til Puno-regionen i Peru og kanskje inn i tilgrensande Bolivia.[6]
  • Ringtrådstjert, Discosura langsdorffi, Black-bellied thorntail, (Temminck, 1821), (LC)
Lever i fem land rundt indre Amazonas og langs austkysten av Brasil, i statane Bahia, Espírito Santo og Rio de Janeiro.[7]
  • Bronsetrådstjert, Discosura letitiae, Letitia's thorntail, (Bourcier & Mulsant, 1852), (DD)
Kjent frå tre museumseksemplar frå ca. 1853 merkt «Bolivia», det finst elles ikkje data for denne arten.[8]
  • Hjartetrådstjert, Discosura longicaudus, Racket-tailed coquette, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Skil seg mest frå dei andre artane med hannar som har to «rekkertar» på enden av halen liknande vimpelstjertar (Ocreatus). Bandet over nedre rygg er meir oransje enn kvitt. Lever på Guayanaskjoldet og langs austkysten av Brasil. Mest under 200 moh., men til 900 m i Gran Sabana i Venezuela.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 249, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  2. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  3. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  4. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 
  5. Schulenberg, T. S. (2020). Green Thorntail (Discosura conversii), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gretho1.01
  6. Züchner, T. and G. M. Kirwan (2020). Wire-crested Thorntail (Discosura popelairii), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wictho2.01
  7. Züchner, T., G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2020). Black-bellied Thorntail (Discosura langsdorffi), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bkbtho1.01
  8. Züchner, T., P. F. D. Boesman, and C. J. Sharpe (2020). Coppery Thorntail (Discosura letitiae), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.coptho2.01
  9. Züchner, T., G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2020). Racket-tipped Thorntail (Discosura longicaudus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.ratcoq2.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Trådstjertar