Treleopard
| Treleopard | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Carnivora | |
| Familie: | Felidae | |
| Slekt: | Neofelis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Neofelis nebulosa
Griffith, 1821
|
||
Treleoparden er ein mellomform mellom store og små kattedyr som finst i regnskog i Søraust-Asia. Som namnet seier, lever han stort sett i tre. Arten er særs sky, og ein veit lite om korleis han oppførar seg i vill tilstand.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Treleoparden er slank, men muskuløs. Han har korte bein og lang hale, som hjelper han å halda balansen når han klatrar. Kroppslengda er 60-110 cm, og vekta er ikkje meir enn 15-20 kg.
[endre] Levevis
Ein veit lite om korleis treleopardar lever i naturen. Dei jaktar hovudsakeleg på fugl og små pattedyr om morgonen og kvelden i tre. Som jegerar er dei lydlause og fanger byttet ved å slå med dei breie forlabbane. Midt på dagen og natta kvilar dei i trekroner.
Det er to-fire ungar i kullet, og dei vert fødde om våren. Dei vert overlatt til seg sjølv ved ni-månadars-alderen.
[endre] Kjelder
- «Clouded Leopard» på Engelsk Wikipedia
- Verdens dyr, Cappelen 1985
- Hele verdens dyreliv, LibriArte 1996
[endre] Bakgrunnsstoff