Troilitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troilitt

Polerted og etsa flater av Mundrabilla-meteoritten frå Australia. Dei mørkare brunaktige områda med striper er troilitt med daubréelitt.
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelFeS
Strunz-klassifisering2.CC.10
KrystallsymmetriHeksagonal diheksagonal dipyramidal
H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 63/mmc
Einingscellea = 5,958 Å, c = 11.74 Å; Z = 12
Identifikasjon
Fargebleik grå brun
KrystallformMassiv, korna; kuleforma; plateaktig til tavleforma
KrystallsystemHeksagonal
KløyvIngen
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala3,5-4,0
GlansMetallisk
Strekfargegrå svart
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt4,67–4,79
Endrar seg tilFalmar i luft
Kjelder[1][2][3]

Troilitt er eit heksagonalt jernsulfid som finst i meteorittar. Samansetnaden svarar særs nær til FeS, i motsetnad til den nærskylde pyrrhotitt, som har underskot på jarn.

Ein meteoritt vart observert i 1766 i Albareto i Modena i Italia. Prøvar vart henta og studert av Domenico Troili som skildra jernsulfidet i meteoritten. Ein trudde lenge at jernsulfidet var pyritt, men i 1862 analyserte den tyske mineralogen Gustav Rose materialet og gav det namnet troilitt.[1][2][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Troilitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
  1. 1,0 1,1 Handbook of Mineralogi
  2. 2,0 2,1 Troilite on Mindat.org
  3. Troilite on Webmineral
  4. Gerald Joseph Home McCall, A. J. Bowden, Richard John Howarth (2006). The history of meteoritics and key meteorite collections. Geological Society. s. 206–207. ISBN 1-86239-194-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Troilitt