Trollbær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trollbær


Illustration Actaea spicata0.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ranunculales
Familie: Ranunculaceae
Slekt: Actaea
Art: A. spicata
Vitskapleg namn
Actaea spicata

Trollbær (Actaea spicata) er ei plante i soleiefamilien, og den einaste i si slekt som veks i Noreg. Slekta er kjenneteikna ved plantar med fire ytre og fire indre blomsterblad som fell tidleg av, og at dei utviklar bær som er giftige. Arten trollbær er ei plante som vert kring 5 dm høg og er fleirårig. Nedre blad store, tre gonger delte. Snau knebøygd stengel. Kvit blomster med mange kvite mjølberarar som er lengre enn kronblada. Svart bær, 1 cm. Arten er utbreidd i Europa og Asia. I Noreg finst planta over heile landet, men sjeldan i Finnmark. Ho er funnen opp til 1050 moh. i Buskerud. Veks i skog og kratt, ofte under hamrar, på god jord, og blomstrar kring juni månad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.