Cymbal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cymbalar

Cymbalen er eit perkusjonsinstrument. Ein cymbal er laga av ei metallegering, ofte ei bronselegering, beståande av ca 20% tinn og 80% kopar eller ei messinglegering for billigare cymbalar. Mengda tinn legeringa kan reduserast for å oppnå ein annan lydkarakteristikk, men han kan ikkje overstige 20%. Legeringa vil då bli ueigna til å laga cymbalar av. Cymbalar blir støypte før dei blir dreidde og deretter hamra for hand eller ved hjelp av maskin.

Cymbalar finst i dei fleste storleikar, og blir ofte brukt til å markera skifter og/eller aksentar i musikken. Cymbalen blir i dag brukt i dei fleste musikkstilar, og ein kan mellom anna finna dei individuelt, saman med andre slaginstrument, eller på eit trommesett.

Dei vanlegaste cymbalane i trommesettet er hi-hat, crash og ride. Innanfor marsj og klassisk musikk blir det for det meste brukt store crash- eller ride-cymbalar saman med køller i storleiken 18" til 22". Variantar av hihaten blir òg brukt, men blir då kalla A2 og er i storleiken 18" til 22" (innanfor marsjavdelinga er dei i storleiken 12" til 16"). Desse har stroppar til å tre over hendene når dei blir spelte med.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]