Tubaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tuba
Utspring Kazyr og Amyl
Munning Jenisej
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 507 km
Nedslagsfelt 36 900 km²

Tuba (russisk Туба) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 507 km lang og har eit nedslagsfelt på 36 900 km².

Tuba oppstår der elvane Kazyr og Amyl renn saman. Elva spring ut frå Minusinskgropa. I nedslagsfeltet finst over tusen sjøar med eit samla areal på om lag 91 km².

Tuba frys til frå seint i oktober til tidleg i desember og vert isfri att i april eller mai. Elva kan nyttast til skipsfart 99 km opp frå munningen.

To bilvegar og ei jernbanelinje kryssar elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]