Minusinskgropa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Minusinskgropa eller Khakas-Minusinsk-gropa (russisk Минусинская (Хакасско-Минусинская) котловина eller Minusinskaja (Khakassko-Minusinskaja) kotlovina) er den sørlege delen av den store Minusinsksenkinga i Khakasia i Krasnojarsk kraj i Russland. Det ligg langs fjella i det sørlege Sibir. Området grensar til Kuznetsk Alatau i sør, til Aust-Sajan i aust, til Abakhanfjella i vest og til Vest-Sajan i nord. Høgda varierer mellom 200 og 700 meter over havet og består av ei slette med spreidde småhaugar og enkelte dalar.[1] [2]

Elva Jenisej og dei store sideelvane hennar, Abakan, Oja og Tuba renn gjennom dalane. Dei største byane i området er Minusinsk og Abakan. Gropa inneheld mange innsjøar, inkludert fleire saltsjøar. Senkinga er eit viktig jordbruksområde og har òg kolførekomstar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Минусинская котловина, ein artikkel frå Store Sovjetiske Leiksikon (russisk)
  2. Minusinskgropa (russisk)