Tirol
| Hovudstad | Innsbruck | ||||
| Flatevidd
- Rangering i Austerrike |
12 648 km² 3. |
||||
| Folketal (2005) - Rangering i Austerrike |
697 435 5. |
||||
| Grunnlagd | |||||
| Offisielle språk | Tysk | ||||
| Landeshauptmann | Herwig van Staa (ÖVP) | ||||
| Nettstad | www.tirol.gv.at | ||||
|
|||||
Tirol er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Innsbruck, arealet er 12 648 km² og folketalet 697 435 (2005). Tirol ligg vest i Austerrike, i austlege delen av alpane, og grensar til Tyskland i nord og Italia og Sveits i sør.
Før den første verdskrigen var Tirol eit grevskap under det austerrikske keisarriket. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 overtok Italia den sørlege delen av grevskapet, som i dag utgjer den italienske autonome provinsen Sør-Tyrol.
Hovudnæringane i Tirol er skogbruk og husdyrbruk. Regionen er òg eit populært turistområde.
Geografi [endre]
Tirol er prega av eit alpint landskap. Det høgste fjellet i Austerrike, Großglockner på 3798 moh. ligg i Tirol, nærare fastsett i fjellmassivet Hohe Tauern i Aust-Tirol ved grensa til Kärnten.
Den største dalen i Nord-Tirol er Inndalen, som strekk seg frå vest til aust. Nord for Inn ligg dei nordlege kalk-alpane med fjellgrupper som Lechtalalpane, Wetterstein, og Karwendel, og med få og veldig små sidedalar. Sør for Inn ligg Sentral-Alpane med mellom anna Ötztalalpene, Stubaialpane og Zillertalalpene. Her ligg også dei største sidedalane, som strekk seg inn til hovudkammen i Alpane, Kauner-, Pitz-, Ötz-, Wipp- og Zillertal.
Hovudstaden Innsbruck ligg sentralt i Inndalen og delar Nord-Tirol i Tiroler Oberland (vest for Innsbruck) og Tiroler Unterland (aust for Innsbruck). Heilt i vest, ved overgangen til Vorarlberg, ligg dessutan fjellgruppene Verwall og Silvretta. Heilt i aust, ved overgangen til Salzburg, Kaiserfjellet og Kitzbühelalpane. Aust-Tirol er elles gjennomtrekt av Isel- og Draudalane og ein del av dei karniske alpane ligg også der.