Ulrich Wehling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulrich Wehling, nr to frå høgre

Ulrich Wehling (fødd 8. juli 1952) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar frå Halle som representerte Aust-Tyskland. Han vart olympisk meister tre gongar på rad i tida 1972-80, samt verdsmeister i 1974. Wehling vann ein medalje i alle dei internasjonale meisterskapane han deltok i og stod nesten alltid på pallen i dei større internasjonale kombinerttevlingane.

Frå 1982 var Wehling generalsekretær i det nasjonale skiforbundet i Aust-Tyskland. Sidan 1992 har han vore sportsdirektør for kombinert i Det internasjonale skiforbundet (FIS), og busett i Sveits.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wehling debuterte internasjonalt med ein fjerdeplass i Svenska skidspelen i Falun i 1971. Året etter vart han olympisk meister under vinter-OL 1972. Han vann då ein klar siger, andremann Rauno Miettinen frå Finland var nærare åtte poeng bakom. I 1973-sesongen kom Wehling på andreplassen i Svenska Skidspelen, berre slått av landsmannen Hans Hartleb. Etter å ha vorte verdsmeister i Falun i 1974, vann Wehling i 1975 rubbel og bit i kombinert i dei nordiske skileikane; Lahti-spelen, Svenska Skidspelen og Holmenkollrenna, einast i Lahti makta konkurrentane gje han kamp om sigeren.

Wehling forsvara OL-tittelen i Innsbruck i 1976, og vann same sesongen kombinertrennet i Holmenkollen for andre gong. I 1977 gjekk han til topps i Holmenkollen for tredje gong, men måtte nøye seg med tredjeplassen i Lahti bakom landsmannen Konrad Winkler og Rauno Miettinen. Nett desse to, Winkler og Miettinen, plasserte seg føre Wehling på resultatlista i ski-VM 1978 i nettopp Lahti, dermed vart pallplasseringane dei same i dei to tevlingane, som altså gjekk føre seg i same hoppbakken og dei same løypene.

I 1979 vann Wehling kombinertøvinga i Svenska Skidspelen framom Tom Sandberg, med Hallstein Bøgseth på tredjeplass. Wehling vann i Lake Placid i 1980 sitt tredje strake OL-gull i kombinert, ein prestasjon ingen andre har makta.

Wehling vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1976.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulrich Wehling