Uludağ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°04′10″N 29°13′17″E
Uludağ
fjell
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen ManBursasia
høgd 2 543 moh
skardhøgd 1 504 m
koordinatar 40°04′10″N 29°13′17″E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Uludağ, i antikken Olympus, er eit fjell i provinsen Bursa i Tyrkia, med ei høgd på 2543 meter over havet. Det er ein populær vintersportstad og ein nasjonalpark med rikt dyre- og planteliv. Om sommaren er det populært med camping og turar i fjellet.

I antikken strekte fjellkjeda som fjellet er ein del av seg langs sørenden av Bithynia, og vart kalla Olympos på gresk. Byen Bursa vart kalla Prusa ad Olympum fordi han låg nær fjellet.[1] Gjennom mellomalderen var det fleire eremitasjar og kloster her. Ein av dei største munkane frå det kristne austen, den austromerske munken St. Joannicius den store, budde som eremitt på dette fjellet.

Uludağ er det høgaste fjellet i Marmararegionen. Den høgaste toppen heiter Kartaltepe og er på 2543 meter over havet. I nord ligg dei høge platåa Sarıalan, Kirazlıyayla, Kadıyayla og Sobra.

Det ligg ei stengd wolframgruve nær toppen. Gruva og fabrikken ved vart bygd i 1974 for 60 millionar dollar, men vart lukka i 1989 på grunn av for høge produksjonskostnader.

Uludağ nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken ligg om lag 22 km sør for Bursa og er lett tilgjengeleg frå Istanbul. Det går kabelvogn frå Bursa og oppover fjellet, med eit stopp på 1200 m. Han endar ved Sarialan kring 1630 meter over havet.

Uludağ, det antikke Mysia Olympos, er eit av dei mest populært skiområda i Tyrkia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles Anthon, A Classical Dictionary, Harper, 1869, p. 1135

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uludağ