Gotarkrigen 535–554

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gotarkrigen 535-554)
Gotarkrigen
Del av Justinian sin gjenerobringskrig

Slag mellom romarar og gotarar
Dato 535554
Stad Italia og Dalmatia
Resultat Austromersk pyrrhossiger
Endringar i landområde Italia erobra
Partar
Austromarriket Austgotarar,
frankarar
Kommandantar
Belisarius,
Mundus,
Narses,
Germanus Justinus,
Liberius
Theodahad,
Witigis,
Ildibad,
Totila,
Teia

Gotarkrigen vart utkjempa på Den italienske halvøya og dei omliggande områda Dalmatia, Sardinia, Sicilia og Korsika frå 535 til 554 mellom styrkane til Austromarriket og styrkane til Det austgotiske kongedømet. Krigen vert vanlegvis delt i to fasar, den første (535-540) som enda med Ravenna sitt fall og ein tilsynelatande siger til romarane med erobringa av Italia, og den andre fasen (540/541-553), der den gotiske motstanden fekk ny styrke under Totila. Totila vart slått etter lange kampar mot Narses, som òg slo tilbake den frankiske-alemanniske invasjonen i 554. Forskjellige byar i Nord-Italia klarte derimot å halde ut fram til tidleg i 560-åra.

Krigen hadde røter i ønsket til den romerske keisaren Justinian om å ta tilbake provinsane til det tidlegare Vestromarriket, som hadde gått tapt til barbariske stammer hundreåret før (sjå folkevandringstida). Sidan krigen varte så lenge var Italia øydelagd og avfolka og ressursane til Riket var utarma. Så med den dyrekjøpte sigeren klarte ikkje austromarane å stå imot den langobardiske invasjonen i 568, som førte til at dei tapte dei fleste områda sine på Den italienske halvøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]