Urskogen i Komi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urskogen i Komi er ein av UNESCO sine naturlege verdsarvstader og ligg nord i Uralfjella i republikken Komi i Russland. Med eit areal på 32 800 km² er han den største urskogen i Europa.
Urskogen i Komi høyrer til taigaen i Uralfjella. Dei dominerande tresortane er sibirsk gran, sibirsk furu og sibirsk lerke, medan dei mest talrike dyreartane er reinsdyr, sobel, mink og hare.
Skogen høyrer til Petsjora-Ilytsj naturreservat og Jugyd Va nasjonalpark i Russland. Skogen vart ein verdsarvstad i 1995 og vart den første naturlege verdsarvstaden i landet. Dette førte til eit større fokus på området og det vart redda frå hogst. Det vert derimot drive ulovleg nedhogging og gullgruvedrift i området som trugar skogen.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Virgin Komi Forests» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2008.