Ustasja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ustasja (kroatisk Ustaša fleirtal: Ustaše, ustasje, på norsk omtrent «dei opprørske», serbisk Усташа) var ein kroatisk høgreekstrem organisjon som vart sett til å leia Kroatia av Aksemaktene i 1941. Dei førde ein nazistisk/fascistisk politikk og vart til slutt kasta ut av jugoslaviske partisanar og Den raude armeen i 1945. Leiar for Ustasja var Ante Pavelić.

Den kroatiske fascistrørsla vart illgjeten for ekstrem brutalitet mot serbarar, jødar og sigøynarar under krigen. Ustasjaen freista utrydda alle serbarar, jødar, sigøynarar, og kroatiske kommunistar frå området dei kontrollerte. Organisasjonen bygde fleire konsentrasjonsleirar, og den mest illgjetne er nok konsentrasjonsleiren Jasenovac.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rørsla vart grunnlagd i 1929 av Pavelić. Bakgrunnen var eit ynskje om ein eigen kroatisk stat, for ikkje å bli dominert av serbarane.

Etter at tyske og italienske tropper tok kontroll over Jugoslavias territorium våren 1941 vart det oppretta ein separat kroatisk stat, der Ustasja fekk makta. Denne staten omfatta au Bosnia-Hercegovina og Syrmia, som Ustasja gjorde krav på som «opphavlege kroatiske område». Derimot måtte store delar av Dalmatia avståast til Italia.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • I hovudsak bokmålswikipediaen [1]