Ante Pavelić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ante Pavelić (14. juli 188928. desember 1959) var ein av grunnleggjarane av og leiar for den kroatiske fascistiske Ustasja-rørsla på 1930-talet i Jugoslavia. Under den andre verdskrigen vart han innsett av den tyske okkupasjonsmakta som diktator for den sjølvstendige staten Kroatia.

Ungdom[endre | endre wikiteksten]

Pavelić var fødd i Bradina, ein liten landsby i Bosnia og Herzegovina. Seinare flytta han til Zagreb for å studera jus. I ungdomen vart han medlem av Partiet for kroatiske rettar. Pavelic var ein del av den meir nasjonalistiske fraksjonen leia av Josip Frank kring 1908. I 1919 vart han partisekretær. I 1921 vart han arrestert saman med fleire andre medlemer av partiet.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1927 vart han vald til bystyret i Zagreb. Han hadde stillinga som partisekretær til 1929, då det vart innført kongeleg diktatur i kongedømet Jugoslavia. Han vart då med på å skipa Ustasja og gjekk over til undergrunnsarbeid. Han skreiv ned partiprogrammet til Ustasja-rørsla det same året. Regimet i Jugoslavia vart meir oppmjuka fram mot 1931, men i 1932 reiste Pavelic til eit Italia leidd av Benito Mussolini.

I 1934, då kong Aleksandar I av Jugoslavia vart drepen i Frankrike, vart Pavelic og andre medlemer av Ustasja arrestert i Italia. Dei vart klaga for å ha vore med på planane om å ta livet av kongen. Etter ei stund vart dei frigjevne att.

Pavelić var i Italia fram til byrjinga av den andre verdskrigen. I 1941 vart Jugoslavia invadert av Tyskland. Pavelić vart med hjelp av okkupasjonsmakta utnemnd til leiar (poglavnik) av Kroatia.

Som leiar for Ustasja gav han ordre om og organiserte ein terrorkampanje mot serbarar, jødar, sigøynarar og kommunistiske kroatar. Kampanjen mot serbarane grensa til folkemord. Målet var å utrydda ein tredel, utvisa ein annan tredel, og omvenda den siste tredelen til katolisismen.

Flukt[endre | endre wikiteksten]

I mai 1945, heilt mot slutten av krigen, flykta han via Bleiburg til Austerrike. Der vart han nokre månadar, før han reiste til Roma. I Roma vart han skjult, vert det hevda, av folk knytt til den katolske kyrkja. Opphaldet i Roma skal ha vore kjend av den amerikanske etterretningstenesta, men dei var ikkje så interessert i å arrestera antikommunistar frå Aust-Europa. Etter seks månadar flykta han til Sør-Amerika.

Etter å ha kome til Argentina, vart han tryggingsrådgjevar for president Juan Peron. Peron gav 34 000 innreiseløyve til kroatar. Dei fleste av desse var folk som hadde samarbeidd med nazistane og/eller antikommunistar som flykta frå det kommunistiske regimet til Josip Broz Tito.

Død[endre | endre wikiteksten]

I april 1957 vart Pavelić skoten to gonger i eit drapsforsøk. Mange trudde at den jugoslaviske etterretningsorganisasjone UDBA hadde organisert drapsforsøket. Seinare stod Blagoje Jovović, ein tsjetnik i eksil i Argentina, fram og sa at han hadde stått bak. Pavelić reiste til Spania. Han døydde i Madrid mot slutten av 1959, av komplikasjonar etter skota.

Pavelić fekk ein plass i litteraturen gjennom Curzio Malaparte sin roman Caput.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]