Vaalbara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vaalbara er det ein meiner kan ha vore det første superkontinentet på jorda. I følgje radiometrisk datering av kratonane som utgjorde Vaalbara, meiner ein at det eksisterte for 3,3 milliardar år sidan og kanskje så langt tilbake som for 3,6 milliardar år sidan. Bevis på dette er mellom anna geokronologiske og paleomagnetiske studiar mellom dei to kratonane frå arkeikum (protokontinent) kalla Kaapvaal-kratonen (Kaapvaal-provinsen i Sør-Afrika) og Pilbara-kratonen (Pilbara-regionen i Vest-Australia).

Andre bevis er likskap i strukturen til grønsteinbelta og gneisbelta til desse to kratona. Dei same grønsteinbelta frå arkeikum har no spreidd seg over Superior-kratonen i Canada, samt over kratonane til dei tidlegare kontinenta Gondwana og Laurasia. Vegen kratonane tok vidare for 2,8 milliardar år sidan er òg bevis på at dei ein gong hang saman.

Det er ikkje sikkert kvifor Vaalbara braut opp, men geokronologiske og paleomagnetiske funn syner at dei to kratonane hadde ein 30 graders rotasjon rundt 2,78-2,77 milliardar år sidan, noko som tyder på at dei ikkje lenger hang saman for 2,8 milliardar år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]