Vannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vannes
Vannes lavoir.jpg
Byvåpenet til Vannes
Byvåpenet til Vannes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Morbihan
Geografi
Flatevidd
 - By

32,3 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

51 759
  1 602/km²
Koordinatar 47°39′21″N 02°45′37″WKoordinatar: 47°39′21″N 02°45′37″W
Høgd over havet 22 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-vannes.fr

Vannes (bretonsk: Gwened) er ein by og kommune vest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Morbihan i Bretagne, med om lag 50 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagd for over 2000 år sidan.

Vannes ligg i Morbihanbukta der elva Vannes munnar ut i sjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken klarte innbyggjarane i Vannes med stort hell å stå imot den romerske invasjonen leia av Julius Cæsar, og desse innbyggjarane var faktisk grunnlaget for stamma ein følgjer i teikneserien Asterix. Dei var òg flinke sjømenn, og kvar gong dei vart trua reiste dei til sjøs.

Cæsar såg at han måtte dominere dei omliggande sjøområda om han nokon gong skulle legge dei under seg. Han allierte seg med nabostamma Namnete (som har gjeve namn til byen Nantes) for å oppnå denne fordelen, og klarte å erobre byen. Under romersk styre var Vannes kjend som Darioritum.

Bispedømet Vannes vart oppretta på 400-talet. Rådet i Vannes vart halde her i 461. Den første historiske herskaren av Vannes var Waroch.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vannes