Asterix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg potetsorten Asterix

Astérix le Gaulois, kalla berre Asterix på norsk, er namnet på ein teikneserie som har fått namn etter helten i denne serien. Serien blei skapa av René Goscinny og Albert Uderzo i 1959. Han er ein eventyrserie med sterke innslag av satire og humor.

Personar[endre | endre wikiteksten]

Den vesle hovudpersonen Asterix har alltid følgje av den feite bestevennen sin, Obelix. Dei to er gallarar som lever i det romersk-okkuperte Gallia (seinare Frankrike), i den einaste landsbyen som har klart å stå imot romarhæren. Dette er fordi dei har ein hemmeleg styrkedrikk som gjev dei uovervinnelege krefter. Gallarane i landsbyen er berre redde for ein einaste ting: At himmelen skal falla i hovudet på dei.

Både Asterix og Obelix, og alle landsbybuarane, er antiheltar, som står i motsetnad til mange andre teikneserieheltar. Dei er verken særleg vakre eller muskuløse. Asterix er liten av vekst medan Obelix er stor og tjukk, og alle dei mannlege gallarane er kjenneteikna av store nasar.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Venneparet Asterix og Obelix har stadig vekk eventyr der dei møter romarar og ulike andre folk frå om lag den tida. Mellom anna vitjar dei egyptarar, gotarar, britar, indarar og indianarar. Overalt kvar dei kjem dreg skaparane parallellar til vår tid, og parodierer dei ulike folkeslaga. Til dømes drikk britane varmt vatn med litt mjølk oppi fordi dei endå ikkje har teblad, medan sveitsarane er overdrivent reinslege og gjel som gaukar om nettene fordi gaukur endå ikkje er oppfunne.

Verkemiddel[endre | endre wikiteksten]

Ordspel, morosame namn og referansar til samtidig fransk kultur er òg ein viktig del av Asterix-opplevinga, og ein vanskeleg jobb for omsetjarar, både å forstå og vidareføra frå fransk til sitt eige språk. Her har paret som omset serien til engelsk utpeika seg. Nokre av omsetjingane deira er betre enn originalane. Dei har til dømes gjort om namnet til hunden «Idéfix», fiks idé, til «Dogmatix», som både tyder fiks idé og inneheld ordet «dog», hund.