Vasallstaten Kalat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser den tidlegare vasallstaten Kalat

Kalat eller Qalat (urdu: قلات) var ein tidlegare provins, eller rettare vasallstat i Britisk India, som var den største av sitt slag i det som i dag er Pakistan. Området ligg i dag i midten av Balutsjistan. Hovudstaden var byen Kalat. Kalat var tidlegare også eit khanat, og ein del av dette ligg i dag i Afghanistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vasallstaten Kalat vart oppretta i 1638. Grensene for området forandra seg gjennom hundreåra, men vart fastsette etter traktat med den britiske embetsmannen Robert Sandeman seint på 1800-talet. Delar av staten i nord og nordaust vart lånte eller gjevne vekk, og desse områda vart til provinsen Britisk Balutsjistan.

31. mars 1948 gjekk staten inn som ein del av Pakistan, og han vart, saman med tre nabostatar, til Balutsjistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]