Vedad Ibišević

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vedad Ibišević
Vedad ibisevic.jpg
Personleg informasjon
Namn Vedad Ibišević
Fødselsdato 6. august 1984
Fødestad Vlasenica i Jugoslavia
Høgd 188 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for VfB Stuttgart
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
2000-01
2003
Sveits FC Baden
USA Saint Louis University
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-04
2004
2004-05
2005-06
2006-07
2007-12
2012-
USA St. Louis Strikers
USA Chicago Fire
Frankrike PSG
Frankrike Dijon
Tyskland Alemannia
Tyskland Hoffenheim
Tyskland VfB Stuttgart
10 (9)
3 (3)
4 (0)
33 (10)
24 (6)
123 (48)
0 (0)
Landslag**
2007- Bosnia-Hercegovina Bosnia-Hercegovina 26 (6)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 25. januar 2012.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 8. september 2010.

Vedad Ibišević (fødd 6. august 1984 Vlasenica i Bosnia-Hercegovina) er ein bosnisk fotballspelar som spelar for VfB Stuttgart i tysk Bundesliga, og for det bosniske landslaget.

Ibišević vart fødd i ein bosnjakisk familie i Vlasenica aust i Bosnia, i eit område som i dag er del av Republika Srpska. I starten av krigen i Bosnia-Hercegovina vart nesten heile den ikkje-serbiske folkesetnaden i området driven bort av serbiske styrkar, og Ibišević sin familie flytta til den bosnisk-kontrollerte byen Tuzla. I 2000 flytta han med familien sin til Sveits, og etter 10 månader der, vidare til St. Louis i USA.

Han vart oppdaga som fotballspelarar av speidarar frå den franske klubben Paris Saint-Germain og fekk kontrakt med dei i 2004. Han fekk lite speletid i PSG, og gjekk snart på lån og seinare permanent til 2. divisjonsklubben Dijon. Etter to sesongar der flytta han til den tyske Bundesliga-klubben Alemannia Aachen før 2006/07-sesongen. Den sesongen slutta med at Aachen rykte ned. Ibišević vart då kjøpt av Hoffenheim, som nettopp hadde rykt opp til 2. Bundesliga, for 1,3 millionar euro. Klubben rykte straks opp igjen, til 1. Bundesliga, og Ibišević har halde fram å spela regelmessig på A-laget i toppdivisjonen. Han var Hoffenheim sin toppskårar i Bundesliga i 2008/09-sesongen med 18 seriemål, og i 2009/10-sesongen, med 12 seriemål.

Ibišević kunne ha valt å spela landslagsfotball for både Bosnia-Hercegovina og USA, men valde fødelandet sitt. Han debuterte for A-landslaget 24. mars 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Noreg. Han skåra det første landslagsmålet sitt i ein EM-kvalifiseringskamp mot Hellas i oktober same året.