Velikaja i Tsjukotka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn i Pskov oblast, sjå Velikaja.
| Velikaja | ||
| Utspring | Korjakfjella | |
| Munning | Beringhavet | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 556 km | |
| Nedslagsfelt | 31 000 km² | |
Velikaja eller Onemen (russisk Великая, Онемен) er ei elv i Tsjukotka i Russland. Elva er 556 km lang og har eit nedslagsfelt på 31 000 km².
Elva renn nordaustover frå Korjakfjella og munnar ut i Beringhavet ved Anadyrbukta, like søraust for munningen til den større elva Anadyr.
Det er ein liten busetnad i området, rundt 80 km før munningen, som òg heiter Velikaja. Kvitkval (beluga) er vanlege rundt munningen.
Eitt av dei innfødde namna på elva er Etsjinku, og i enkelte dokument frå sovjettida var denne elva referert til som Velikaja-Etsjinku.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Velikaja (Tsjukotka)» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2008.