Ven i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°54′28.249″N 12°41′37.219″E

Amager i Sund ubt 1 DA.png
Sankt Ibbs kirke ved Kyrkbacken. Altaret her vart donert av Tycho Brahe.

Ven (dansk òg Hven og Hveen) er ei svensk øy i Øresund mellom Sjælland og Skåne.

Ho har 371 innbyggjarar og eit areal på 7,5 km². Administrativt ligg øya under Landskrona kommun, i det meste av dansketiden var han underlagt Sjælland. Det finst tre mindre busetnader: Bäckviken, Norreborg og Kyrkbacken.

Øya er mest kjent for astronomen Tycho Brahe, som fekk øya som len av kong Frederik II. Her bygde han slottet sitt (Uranienborg) og stjerneobservatoriet sitt (Stjerneborg) på siste halvdelen av 1500-talet, der han blant anna virka med systera Sophie Brahe, og mottok dei leiande astronomane i verda, heilt til kong Christian IV forviste han.

Det finst lite igjen av observatoria, men den nedlagde Allehelgenskirken er vorte omdanna til Tycho Brahemuseum, og nede i ruinane av Stjerneborg kan ein oppleve eit multimedieshow som freistar å gje eit tidsbilete av tida til den berømte astronomen.

Andre attraksjonar er St. Ibbs kyrkje, restane av papirmølla til Tycho Brahe og dessutan spritdistilleriet i Backafallsbyn. Det er ferjesamband til Landskrona og København.

Historisk har øya vore dansk, men vart svensk ved Roskilde-freden i 1658, noko som vart stadfesta ved freden i København i 1660.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]