Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse
Rousse-Giurgiu Bridge.jpg
Transporterer Bilar (tofeltsveg), jarnbane, fotgjengarar
Kryssar Donau
Stad Mellom Giurgiu i Romania og Ruse i Bulgaria
Posisjon 43°53′22″N 26°0′19″E
Utforming Fagverksbru
Total lengd 2 800 m
Seglingshøgd 30 m
Opna 20. juni 1954

Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse (bulgarsk Мост на дружбата, Most na druzhbata eller meir vanleg Дунав мост, Dunav most; rumensk Podul prieteniei) er ei fagverksbru av stål over Donau, som knyter den sørlege breidda i Bulgaria til den nordlege breidda i Romania mellom byane Ruse og Giurgiu.

Brua opna 20. juni 1954 og var teikna av V. Andreev. Brua er 2,80 km lang, og er den einaste brua så langt over Donau mellom Bulgaria og Romania. Anna trafikk over elva førgår ved hjelp av ferjer. Brua har to etasjar, ein for veg (to felt), og ein for jarnbane, i tillegg til fortau for fotgjengarar. Det tok to og eit halvt år å byggje brua med hjelp frå Sovjetunionen. Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse hadde lenge grensekontrollar på kvar side av brua. Etter 1. januar 2007 vart det ikkje lenger utført tollkontroll, og passkontroll vert berre utført ein stad av anten det bulgarske eller rumenske politiet, sidan grensa er ei indre grense i EU. Grensekontrollen vil verte heilt fjerna når Bulgaria og Romania vert ein del av Schengenavtalen, som ein ventar vil skje i 2009.