Vest-Telemark Natur og Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vest-Telemark Natur og Ungdom var eit lokallag av Natur og Ungdom i Telemark som omfatta kommunane Fyresdal, Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord og Nissedal. Organisasjonen hadde hatt lokallag i området før, men dette lokallaget vart starta opp i 2005. Pr 31.12.2006 hadde dei 63 medlem. Deira lokale saker var kamp for klimanøytral kommune og bygging av Haukelibanen. Lokallaget registrerte seg ikkje på nytt hjå Natur og Ungdom i 2008, med den følgja at det ikkje lenger eksisterer som lokallag frå og med 2009.

Leiarar i Vest-Telemark Natur og Ungdom[endre | endre wikiteksten]

  • Mari Fallet Mosand – 2005
  • John Magnus Ragnhildsøn Dahl – 2005 - 2007
  • Eirik Timland Andersen – 2007 - 2008