Viktor Tsjernov
Viktor Mikhailovitsj Tsjernov (Виктор Михайлович Чернов}; 1873 – 1952) var ein russisk politisk leiar og ein av grunnleggjarane av det Sosialist-Revolusjonære partiet (SR). Han vart rekna som den fremste teoretikaren i partiet.
Han vart fødd i Novouzensk, ein by søraust for Saratov, der han gjekk gymnaset. På slutten av 1880-talet vart han med i revolusjonær aktivitet. Medan han studerte juss i Moskva vart han narodnik, og som mange andre vart han arrestert, fengsla og måtte fare frå landet. Han levde i Sveits, og slutta seg der til det Sosialist-Revolusjonære partiet i 1902. Han vart redaktør av partiorganet Det revolusjonære Russland. Han vende attende til Ryssland etter den russiske revolusjonen i 1905, og vart leiar for SR-fraksjonen i den andre dumaen.
I Alexander Kerenskij si provisoriske regjering i 1917 vart Tsjernov landbruksminister. Han var òg den siste presidenten for den grunnlovgivande forsamlinga til ho vart oppløyst 6. januar 1918. Etter det vart han med i den anti-bolsjevikiske regjeringa i Samara, før han flykta til Europa og sidan til USA, der han døydde i 1952.
Kjelder[endre]
Den engelskspråklege wikipediaen, artikkelen Viktor Chernov, som igjen mellom anna byggjer på
- http://www.britannica.com/eb/article-9023845, sett 2. oktober, 2005.
- http://www.bartleby.com/65/ch/Chernov.html, sett 2. oktober, 2005.
