Saratov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saratov
Саратов
Московская улица в Саратове.jpg
Flagget til Saratov Byvåpenet til Saratov
Flagget til Saratov Byvåpenet til Saratov


Plassering
Saratov is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Saratov oblast
Grunnlagd 1590
Geografi
Flatevidd
 - By

378 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

841 400
  2 225,9 /km²
Koordinatar 51°32′″N 46°00′″EKoordinatar: 51°32′″N 46°00′″E
Høgd over havet 50 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 410000–410086
Retningsnummer (tlf) (+7)8452
Bilnummer 64, 164
Nettstad: www.saratovmer.ru

Saratov (russisk Сара́тов) er ein stor by sør i Russland. Han er administrativt senter i Saratov oblast og har ei stor hamn ved Volga. Byen har om lag 840 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane er etniske russarar, men her bur òg mange tatarar, ukrainarar, jødar og etniske tyskarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gelonus, ein segnomsust skytisk by og den nordlegaste greske kolonien, kan ha vore på same stad som dagens Saratov. Gelonus er nemnd i bok 6 i Sogene til Herodotus og vart i følgje han brend ned i 512 f.Kr. av keisar Darius I av Persia. Ein meir sikker føregjengar til Saratov var Ukek.

Under tsar Fjordor Ivanovitsj vart det bygd fleire busetjingar for å styrke landegrensa. Sommaren 1586 vart festninga Samara grunnlagd. I 1589 vart festninga Tsaritsyn (seinare Stalingrad og i dag Volgograd) bygd i regionen der Volga og Don renn nær kvarandre. Saratov vart bygd i 1590 midt mellom Samara og Tsaritsyn etter ønske av grev Grigorij Zasekin. Bygningane vart reist i tre i dei øvre delane av Volga, eit år før sjølve eit år før grunnleggjinga av den eigentlege byen. Om våren vart bygningane teke frå kvarandre, kvar tømmerstokk vart merka og heile byen vart levert til den noverande staden. Ein slik metode gjorde at ein kunne byggje ein heil by i løpet av berre nokre veker.

Saratov vart ei viktig elvehamn på 1800-talet og utvikla seg industrielt etter at han fekk jernbane til Moskva i 1870.

Frå sovjettida og fram til 1991 var Saratov ein lukka by som var stengd for alle utlendingar. Dette kom av at det var ein militær flyfabrikk ved staden. Han var heimstaden til det første mennesket i verdsrommet, Jurij Gagarin.

Tysk samfunn[endre | endre wikiteksten]

Saratov var òg heimwstad for volga-tyskarar. Fram til 1941 var Pokrovsk, i dag Engels, like over Volga for Saratov, hovudstad i ein eigen tysk republikk. Volga-tyskarane talde 800 000 på byrjinga av 1900-talet.

Saratovbrua over Volga var tidlegare den lengste brua i Sovjetunionen.

Då den andre verdskrigen braut ut vart alle tyskarane flytta i eksil til Sibir og Kasakhstan, og få kom nokon gong tilbake til regionen. Frå starten av 1980-talet flytta mange tilbake til Tyskland. Den romersk-katolske St. Klementy-kyrkja er eit minne om den tyske fortida til Saratov, sjølv om ho i 1960-åra vart omgjort til ein kinosal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saratov