Viljandi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viljandi linn
Viljandi rådhus
Viljandi rådhus
Flagget til Viljandi linn Byvåpenet til Viljandi linn
Flagget til Viljandi linn Byvåpenet til Viljandi linn


Plassering
Viljandi is located in Estland
Styresmakter
Land Flag of Estonia.svg Estland
Maakond Viljandi maakond
Geografi
Flatevidd
 - By

14,62 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2012)
   - folketettleik

19 150
  1 309,8 /km²
Koordinatar 58°22′0″N 25°36′0″EKoordinatar: 58°22′0″N 25°36′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.viljandi.ee

Viljandi (tysk Fellin) er ein by og kommune sør i Estland. Han har nesten 20 000 innbyggjarar og er det administrative setet i Viljandi maakond. Byen vart første gong nemnd i 1283 då han fekk byrettar av Villekinus de Endorpe.

I 1211 vart åsfortet til estlendarane i Viljandi omleira av ein hær av tyskarar, latviarar og livlendingar. Det livlandske Sverdbroderordenen erobra åsfortet i august 1223 frå folk frå Kievriket, som hadde slått seg saman med estlendingane. Året etter leidde stormeisteren Volquin bygginga av borga på staden der åsfortet tidlegare stod. Viljandi (Fellin) borg var ei av dei største i heile Baltikum. Han var ei viktig festning for Den livlandske ordenen og ein kommandant vart utstasjonert her i 1248. Festninga vart stadig ombygd og modernisert dei neste to hundreåra.

I 1283 fekk byen byrettar frå Villekinus de Endorpe, meisteren i ordenen. Byen vart medlem av Hansaen på byrjinga av 1300-talet og er i dag ein av fem estiske byar som var ein hansaby.

Viljandi kyrkje

I 1470 slo Johann Wolthus von Herse, som då var meister i ordenen, seg ned i borga. I 1481 la Ivan III av Russland omleiring rundt borga, men klarte ikkje å erobre ho. Under livlandskrigen klarte moskovittane å ta borga i 1560. Under den polsk-svenske krigen på byrjinga av 1600-talet skifta borga eigarar fleire gonger og fall i ruinar. Det same gjorde byen, som då mista byrettane sine.

Etter den store nordiske krigen avskaffa russarane lokalt sjølvstyre fram til 1783, då reformer utført av Katarina den store førte til at Viljandi vart ein distriktsby. Dette gjorde at bylovene vart gjeninnført, og Viljandi starta å verte økonomisk og politisk viktig. Folketalet, som hadde fall då rikdomen forsvann, auka igjen, og handverket, handelen og kulturlivet blømde på ny.

Den populær estiske avisa Sakala vart grunnlagd i Viljandi i 1878.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Pauluskyrkja
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Viljandi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]